-
Alpindestinasjonene åpner om 14 dager
-
Flytt dine egne grenser
-
Dobbelt fiskelykke for Gjøvikregionen
-
Den Trondhjemske postveg
-
Ta med barna til Helvete
- Høgre avfolker bygda
Høyres politikk kan få folk vekk fra bygdene, skriver stortingsrepresentant Gunvor Eldegård i dette debattinnlegget.
Nettavisen debatt er Nettavisens område for debatter og meninger hvor vi inviterer meningsbærere til å komme med sine meninger. Hvis du har noe du ønsker å ytre kan du sende mail til debattredaktør debatt@nettavisen.no. Meninger og ytringer som fremkommer på disse sidene står for meningsbærers regning.
Av stortingsrepresentant Gunvor Eldegard, Arbeidarpartiet - Næringskomiteen
Høgre, med Thorbjørn Hansen i det næringspolitiske førarsetet, har slått ned taket på kabrioleten i sommarvarmen, og er nå på full fart vekk frå livet på norske bygder. Han meiner staten bruker for mykje pengar i subsidiar til landbruket. Derfor vil han ha slutt på jordbruksforhandling-ane, slik dei foregår no. Bøndene har for mykje makt og får for godt betalt, meiner tydelegvis Høgre sin næringspolitiske talsmann. Desse pengane ville han heller bruke på vegar. På fine, breie ein-vegskøyrde vegar vekk frå bygdene.
Med dette utspelet skapar Høgre heilt sikkert nok ein gong jubel i Frp-leiren, men ei borgarleg firepartiregjering som Erna drøymer om, blir enda meir fjern. Venstre sin leiar Lars Sponheim kjem med ei klar melding til Høgre i Bergens Tidende 14.mai: «Høyres utspill om at de vil fjerne landbruksforhandlingene, vil utradere norsk landbruk slik vi kjenner det. Det er uaktuelt.»
Men dette næringspolitiske utspelet frå Høgre er i alle fall i tråd med det som partiet sin kommunalpolitiske talsmann Bent Høie kom med for ei tid sidan. Han foreslo å kutte 1,7 milliardar kvart år i pengar som mellom anna skulle gå til næringsutvikling i distrikta. Partiet vil heller bruke desse pengane på å ruste opp riksvegnettet.
Det er tydeleg at Høgre køyrer med «klampen i bånn» om dagen for å gjere seg meir lekker for sin framtidige regjeringspartnar Frp.
At Høgre ikkje får plass til både støtte til landbruket, næringsutvikling og utbygging av vegane, må sjølvsagt forklarast med at dei, i motsetnad til Stoltenberg-regjeringa, planlegg nye milliardar i skattelette til dei rikaste i åra som kjem.
14.05.08 14:24, ny 14.05.08 14:58
![]()


