RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Har dyr det godt i sirkus?

Sirkussesongen er i gong og det er lett å la seg fenge av artistane som strålar med imponerande nummer for store og små. Men ikkje alle artistane er der frivillig.

Dyr i sirkus er tvungne til å underhalde og dei lever i fangenskap heile sitt liv der dei er fråtekne moglegheita til å leve ut sine naturlege behov. Sirkusa reiser rundt med kamelar, hestar, elefantar, hundar og andre dyr og kan aldri gjenskape eit naturleg miljø for dyra.

Her er eit nærare blikk på elefantar. Elefantar er ville dyr og lever i flokk i naturen. Dei er sosiale og kommuniserar i form av lydar og berøring med snabelen, samt vibrasjonar i bakken. Dei har særs god hørsel, er planteetarar og dei vandrar ca 20 km kvar dag i flokk på store vidder i varme og tørre klima. Elefantar kan leve i opptil 70 år i naturen, medan Vitenskapskomiteen påpeiker at elefantar i fangenskap lever betydeleg kortare.

Dyretemjarar fangar dei og byrjar prosessen med psykisk nedbryting der dei startar med å binde elefanten fast og gjer den ikkje mat eller drikke slik at den til slutt gjer opp. Vidare er elefantar som fleire andre dyr redd for flammar og difor bind dei elefanten fast ved eit stort bål slik at den heller ikkje søv over fleire døgn.

Etter denne prosessen er elefanten redd, utmatta og traumatisert. Etter dette vert den frakta til eit treningsanlegg der han vert piska og slått med jernstenger, tau og elefantkrok over lengre tid. Når den er fullstendig underdanig vert den seld til dyretrenarar som trener den i sirkus.

Ein vil sjølvsagt ikkje i frå sirkustribuna kunne sjå trenarar slå eller piske elefanten, dette skjer bak kulissane. Det fins mengdar dokumentasjon som viser korleis elefanttrenarar brukar vald med ulike redskapar bak kulissane og fleire kjente elefanttrenarar har blitt dømt for dyremishandling etter at treningsmetodane har blitt kjend.

Elefantane vert innleigde saman med utanlandske trenarar, så diverre gjeld dette for dyra vi ser i Noreg. Når sirkussesongen her er over, stoggar den ikkje for elefantane, dei blir leigd vidare til andre sirkus internasjonalt.

For elefantar er det å stå på hovudet eller på to bein smertefullt og det er dokumentert at elefantar i sirkus har fot og ledd-sjukdommar. Dei er overvektige pga feilernæring, har ingen moglegheit til naturleg mosjon og dei får sjukdommar på grunn av klima som ikkje er naturleg for dei. Dei står fastbunde 22 timar i døgeret, anten når dei står i ro på ein stad for å opptre, eller under transport på lange strekningar. Dei utviklar stereotyp åtferd som til dømes vaiing med hovudet fram og tilbake, slik åtferd viser ikkje elefantane i naturen.

Elefantekspert Joyce Poole seier at elefantar og dyr generelt ikkje har noko i sirkus å gjere og at dei aldri kan tilfredsstilla behova ein elefant har. Mattilsynet har komen med forslag om at elefantar i sirkus vert forbode i Noreg.

Bolivia og Israel har forbod mot alle dyr i sirkus og Austerrike si nye dyrevernlov forbyr all bruk av ville dyr i sirkus. Finland var tidlegast ute med å innsjå at i allefall elefantar sine behov ikkje kan tilgodesjåast i sirkus. Mange engelske og australske kommunar har lokale forbod mot framvisning av dyr i sirkus. Det er særs gledeleg at dei mest populære sirkusa i verda ikkje brukar dyr som underhaldning men baserer seg på storslagne førestillingar med spektakulært artisteri.

Eg vil be dei som planlegg å ta med seg borna på sirkus om å tenkje over kva dei støttar ved å gjere dette. Dyr bør sleppe å lide berre for at dei skal underhalde oss menneske.

Ingvild H. Areklett

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere