NA24.no

Bensinstasjonane avbilda oppe, er alle i Florø. Bensinstasjonane avbilda nede, er alle i Førde.
Bensinstasjonane avbilda oppe, er alle i Florø. Bensinstasjonane avbilda nede, er alle i Førde. Foto: Stig Roger Eide / Idar Stadheim (Firda)

Flere kroner forskjell på bensinprisene i de to nabobyene

- Folk sto i kø for å fylle.

FØRDE/FLORØ (Firda): At det er rivalisering mellom Førde og Florø er ikkje noko nytt, men det ser også ut til å gjelde på bensinprisane.

Harald Bahus er opphavleg frå Bergen, men bur i Førde. Han køyrer post i Florø og Førde, og får ofte med seg prisforskjellane.

Og skilnadane, dei er alt anna enn små.

I kø med jerrykanner

– Eg køyrte post i Florø laurdag. Då såg eg faktisk at folk stod i kø for å fylle. Fleire hadde med jerrykanner for å fylle. Det var rimeleg spesielt, seier han til Firda.

– Han eine hadde med seg tre jerrykanner. Eg hadde lyst å sjekke skiltnummeret hans om det stod TV, eller spørje om han kom frå Førde, men det gjorde eg ikkje, seier Bahus, som fortel at han nesten vurderer å fylle i jerrykanner sjølv.

For på reis mellom dei to byane, oppdaga han markante skilnader i pris.

– Jamt over to kroner billegare

Der du i Florø må ut med kring 11 kroner literen for diesel, og 12 kroner for bensin, må ein i Førde gi over 13 kroner for diesel, og over 15 kroner for bensin.

Bahus fortel at dette ikkje er uvanleg.

– Dei ligg stort sett rundt to kroner lågare enn oss i pris, seier han til Firda.

Om det blir med jerrykanne neste tur til Florø, er godt muleg.

– Det er jo faktisk også slik at det lønnar seg å køyre til Florø for å fylle.

Les flere saker hos Firda.

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere