NA24.no

Sjølvfokuserte medier

Sist oppdatert:
Norske journalistar er for opptekne av eigen bransje. Det går utover nyhetsdekninga, meiner NA24 Propagandas spaltist.

Kommentar: Mediene har veldig mykje stoff om seg sjølve – om journalistane sine arbeidsmetodar, om suksess og fiasko blant kjente profilar, om dei store mediebedriftene sine lesar- og lyttartal, og så vidare. Det er gammalt nytt at mediene er sjølvfokuserte, men problemet blir ikkje mindre av den grunn.

Forrige vekes nasjonale debatt omkring Se og Hør sine metodar for å skriva om kjendisar tyder på at sjølvfokuseringa tvert imot blir større heile tida. Denne sjølvfokuseringa er eit reelt problem, særleg hvis ein tenkjer på offentleg merksemd som ein begrensa ressurs.

For å illustrera kan me begrensa oss til veke seks, tidleg i februar 2007. Den offentlege merksemda består grovt sagt av eit knippe nasjonale medier på ulike plattformar; NRK, TV2, P4, VG, Dagens Næringsliv, Klassekampen, Propaganda, etc. Dei tilgjengelege tekstane og programma og websidene kan målast i minutt og sekund, spaltemeter og antal klikkbare lenker, medan den offentlege merksemda kan målast i antal lesarar, lyttarar og sjåarar og deira brukaraktivitetar (klikking, kanalskifte, etc).

Det er ikkje noko stort poeng å rekna ut akkurat kor stor denne ressursen er, det viktigaste er at den er begrensa, for då blir bransjen si store interesse for seg sjølv plutseleg eit demokratisk problem. Kvar gong det er eit oppslag om Se og Hør blir eit anna tema fortrengt.

Fordi redaktørane fritt bestemmer kva som skal stå på dagsorden i mediene, kan dei fritt fremja denne sjølvfokuserte dagsorden - i hvert fall så lenge den er salgbar på mediemarknaden. Redaktørane i dei store avisene møter til veldig-viktig-debatt om presseetikk i Redaksjon 21, og Petter Schærven opptrer på Først og Sist med reklame for sitt nye program der han vidarefører suksessen frå det gamle. Og nede i redaksjonen sit journalistane og kriblar etter å laga sin vinkel på den siste skandalen, for her har dei jo så mykje research-kunnskap frå før av.

Eg vil kort ta for meg to typar av sjølvkritikk. Forfattaren av Se og Hør-boka illustrerer den etisk ansvarlege sjølvkritikken. ”Eg har synda mot presseetikken”, seier han, ”tilgje meg og kjøp boka mi”. Utover slike personlege vedkjenningar har me bransjens eigne refsarar, for eksempel vaktbikkja Svein Egil Omdal. Bransjen diskuterer og refsar yrkesbrørne sine handlingar, og dømmer dei etter ein profesjonsetikk som er forhandla fram over mange år, omtrent som blant legar og advokatar.

Dette er ein rituell debatt. Mykje av det som blir diskutert så høglytt i mediene har berre interesse for pressefolka sjølve, og det handlar om å innta posisjonar i eit nettverk av makt og pengar. Men paradoksalt nok ligg det nesten aldri makt bak dei fine orda til bransjemennene. Me har jo nettopp fått illustrert at arbeidsmetodane i pressa ikkje har blitt forbetra av at at Per Edgar Kokkvold og Harald Stanghelle har diskuterert presseetikk i nasjonal primtime så mange gonger.

Tidvis blir den offentlege sjølvkritikken redusert til rein tekstreklame. Då Dagbladet slo opp alle godbitane frå Se og Hør-boka i Magasinet sist laurdag er det latterleg å tru at motivet er sjølvgransking.”Kjøp Dagbladet og les kor slemme Se og Hør er!”

Slik journalistikk blir berre liksom-kritisk fordi den er grunnleggande prega av den felles interessea for gode salgstal, der Se og Hør alltid genererer gode tal. Sjølvkritikken til journalistane har med respekt å melda liten verdi som rettesnor for den framtidige åtferda til journalistar.

Eigenreklame er ei litt anna form for sjølvfokusering. Kvar fredagskveld snakkar Skavlan med dei andre journalistane og kjendisane om dei andre journalistane og kjendisane sine prosjekt. I løpet av 10-15 år har denne kommersielle eigenreklamen i beste sendetid blitt heilt naturleg.

Men å tenkja på denne eigenreklamen som godt stoff er å misforstå verdien av ei nasjonal offentlegheit. Offentlegheita finst ikkje for at vedlikehaldarane (journalistane) skal fremja sine karrierar, den er til for at vesentlege tema i politikk og samfunnsliv skal bli avspegla og diskutert på ein god måte. Det er sløsing med ein dyrebar ressurs å høyra så mykje om journalistane sine håp om å gjera endå større suksess på feltet.

Journaliststanden burde venda blikket vekk frå seg sjølve. Det er undarleg at dei ikkje klarer å sjå begrensingane på si eiga rolle i offentlegheita. Det er ikkje slik at jo meir ’sjølvrefleksive’ mediene er, jo betre blir dei. Offentlegheita hadde fått eit mykje rikare innhald hvis journalistane sin sjølvkritikk og eigenreklame fyrst og fremst hadde foregått i bransjebladet ”Journalisten”.

Lars Nyre
Dr. i medievitskap

Andre kommentarer av forfatteren

05.01.07 Rettferdig eksponering
19.01.07 Redigeringshelvete
02.02.07 Fjernsyn til evig tid

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere