NA24.no


VANSKELIG Å FÅ JOBB: Samboerparet Thomas Medhus og Katrine Husebø ble rammet av nedskjæringene i oljebransjen. Tidligere hadde de jobber i offshorebransjen som matros og maskinist. Her hjemme på Frekhaug i Meland.
VANSKELIG Å FÅ JOBB: Samboerparet Thomas Medhus og Katrine Husebø ble rammet av nedskjæringene i oljebransjen. Tidligere hadde de jobber i offshorebransjen som matros og maskinist. Her hjemme på Frekhaug i Meland. Foto: Trond Roger Nydal (Avisa Nordhordland)

Ramma av oljekrisa: Thomas og Katrine ble brått arbeidsledige

Sist oppdatert:
Samboerparet Thomas Medhus (23) og Katrine Husebø (25) hadde drømmejobben til sjøs. Nå er de begge arbeidsledige.

MELAND (nordhordland.no): Thomas er faglært matros, Katrine utdanna maskinist. I iskalde Barentshavet blei det plutseleg varmt mellom dei to, og forholdet var eit faktum.

– Vi var på same båt, eg begynte først og så begynte han etterpå. Vi traff kvarandre i 2012, og så blei vi saman etter eit år, seier Katrine Husebø frå Meland til Nordhordland.

Draumejobbane

Begge hadde jobbar dei likte. God skiftordning og solide løner. Friperiodane nytta dei mykje til reising. På mange måtar hadde paret fått draumejobbane allereie i starten på sitt vaksne liv.

– Livet til sjøs var fint. Det var mykje fri og godt med pengar, seier Thomas.

Årsinntekta hans var om lag ein halv million kroner. Katrine hadde endå litt betre betalt.

– Maskinistane ligg litt høgare sidan dei har gått fagskule, seier ho.

Tung beskjed

Dei var tilsett i det Bømlo-baserte selskapet Eidesvik Offshore. Selskapet har vore gjennom fleire nedbemanningar det siste året. Paret anslår at opp mot 100 sjøfolk har blitt oppsagde. I mai kom den tunge beskjeden også til Thomas og Katrine, etter fem og sju års fartstid til sjøs og i lære. Grunngjevinga har etter kvart blitt ein kjent melodi innan olje- og maritime næringar over heile Vestlandet.

– Det var dårlege tider og lite arbeid på båtar. Dei måtte enten i opplag eller flagge ut, sier Thomas om om beskjeden han fekk.

Offentlege rekneskapstall bekreftar nedgangstidene. I 2013 hadde selskapet eit overskot på 158 millonar av ein omsetnad på tett oppunder ein milliard. I fjor var resultatet snudd til 174 millionar i minus til tross for inntekter på same nivå.

Katrine fekk tilsvarande beskjed som sambuaren kort tid etter.

Fekk epost på festival

– Eg trudde først eg skulle ha jobben litt lenger, men ein fell lenger og lenger ned på lista dess fleire som ryk ut. Eg fekk epost ein fredag, mens eg var på festival, om at det vart nedbemanning. Ein båt skulle flaggast ut til Afrika. Då skjønte eg kvar det bar og fekk telefon mandagen etter, fortel ho.

Sambuarparet, som også har fortalt historia si til TV 2, sit i ei ny blokkleilighet på Frekhaug. Svart skinnsofa. Moderne og minimalistiske kvite møblar. Ute glimtar sola gjennom skydekket med Nordhordlandsbrua som naturleg punkt å feste blikket på. Det kunne vore rein seinsommaridyll, om det hadde vore ein vanleg frimånad. I staden er dei arbeidsledige og har meir enn nok fritid.

– Det er jo litt kjipt, erkjenner Thomas ærleg.

– Mange har det verre

Det er berre eit år sidan sunnhordlendingen flytta inn hjå henne i dette nye nabolaget på Frekhaug.

– Ho var kome litt lenger med etableringa enn eg var, smiler 23-åringen.

– Kva tenkjer de om å vera eit par utan jobb?

– Det er bra vi er to, i hvert fall når ein har lån. Åleine hadde eg nok berre så vidt klart å halde på denne leiligheita. Heldigvis har vi ikkje dei høgaste låna. Det er folk som har det mykje verre enn oss. Men vi har snakka om hus, så det var bra vi ikkje gjekk for det. Og tenk på dei som har ungar, det har ikkje vi, seier Katrine.

Tanken om å stifta familie har streifa Meland-paret, men slike planar er lagt på is.

– Det blir i hvert fall ikkje no, slår Thomas fast.

Har tapt ein halv million

Begge er no i Nav-systemet. Dei fortel at ordningane er gode, men at det er vanskeleg å ta strøjobbar då ein taper støtte.

Samla har dei likevel tapt over ein halv million kroner, mykje pengar for ei ung og lita hushaldning. Det blir ein anna og meir nøktern livsstil framover. Jobbsøkinga er dei i gang med for lengst. Thomas fortel at han har søkt sju-åtte jobbar, Katrine heile 20. Ho har blitt kalla inn til eitt intervju. Det er det heile.

– Vi får ikkje dei jobbane vi har lyst på med ein gong, det kjem til å ta tid før vi får dei tilbake. Vi må nok vente til oljeprisen tek seg opp igjen, trur ho.

– På grensa til komisk

Debatten mellom regjeringa og opposisjonen, i ein kommunevalkamp, om kven som har skulda, synes dei er på grensa til komisk.

– Eg synes heile greia blir feil. Det er jo oljeprisen som forårsakar det meste. Det er ingen her til lands som kan styre den, seier Kristine.

– Ja, oljeprisane i Midtausten vart dumpa, og då måtte berre Norge følgja etter. Hvis ikkje hadde det i hvert fall gått ad undas, meiner sambuaren.

Det er likevel ikkje slik at paret er 100 prosent fornøgd med Erna Solberg & co.

– Hadde valt annleis

– Dei har forslag om at NIS-registrerte skip skal få gå i Nordsjøen. Det som vil skje då, er at norske reiarar vil flagge over i NIS, og då kan jo reiarane setja inn utanlandsk arbeidskraft, noko dei ikkje har lov til i dag. Dersom dei gjer det, vil fleire tusen sjøfolk miste jobbane. Regjeringa bør i hvert fall ikkje få gjennomslag for det forslaget, seier Katrine engasjert.

Thomas må vedgå at han ikkje oppfordrar dagens ungdom til å satsa på ei karriere til sjøs.

– Eg hadde valt noko anna om eg kunne valt opp att, noko meir universalt og ikkje så nisjebasert.

– Når trur de at de begge er tilbake i fullt arbeid?

– Så fort som mogleg, forhåpentlegvis. Vi har ikkje lyst å bli sitjande for lenge heime, seier Thomas Medhus.

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere