RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Foto: Magnus Blaker (Mediehuset Nettavisen)

- Alle skal ut

Sist oppdatert:
I USA mjukar republikanarane opp innvandringspolitikken. I Noreg køyrer Arbeidarpartiet på med jernhand.

KOMMENTAR: I dag behandlar Stortinget ei stortingsmelding om dei mykje omtalte asylborna. Stortingsmeldinga om born på flukt er prega av ansvarsfråskriving frå ei regjering som er livredde for å liberalisere asylpolitikken. At Frp er det einaste partiet på Stortinget som er nøgde med meldinga, seier det meste om kor mykje skruen er stramma til i norsk innvandringspolitikk.

Det siste året har vore prega av mange og vonde asylsaker, der born som har vakse opp i Noreg plutseleg skal sendast «heim» til land dei aldri har vore i. Praksisen med utsending av asylborn har gått så langt at til og med Utlendingsdirektoratet har gått ut og krevd oppmjuking av politikken. Regjeringa på si side legg alt ansvaret på utlendingsmyndigheitene sjølve, og nektar å endre lovverket for å la fleire born bli i Noreg.

Skrekkelege konsekvensar

Samstundes som Stortinget startar behandlinga av asylpolitikkene, startar Høgsterett behandlinga av sakene til to familiar som skal sendast ut av landet. Sakene er av så stor prinsipiell viktigheit at Høgsterett vert satt i plenum, med samtlege 19 dommarar, og det sentrale spørsmålet er kor stor vekt ein skal leggje på barnets beste i slike saker.

Det er tragisk at norsk innvandringspolitikk har blitt så streng at det no må ein domstol til for å avgjere om vi balanserer på den eine eller andre sida av barnekonvensjonen. Denne internasjonale avtalen om minimumsrettar for born, har for øvrig bursdag i dag. På dei 23 åra som har gått sidan signeringa i 1989, har barnekonvensjonen rukke å bli godt vaksen. Men framleis har ikkje Noreg ville godkjenne den delen av konvensjonen som gir born individuell klagerett. Det kunne nemleg fått den skrekkelege konsekvensen at nokre av borna vi skal kaste ut av Noreg, til «heimland» dei aldri har sett, kanskje ville fått bli hos oss likevel.

Romney fekk stryk

Eg kom nettopp heim frå ein 2-vekers tur i USA, der eg har fulgt det amerikanske valet tett. I etterkant av valnederlaget for republikanarane, går debatten høglydt om kva partiet må gjere for å gjenvinne tilliten til veljarane. Det er mykje usemje om kva retning ein skal gå, men ein ting synest alle å kunne samlast om: Innvandringspolitikken må mjukast opp.

Partiet til presidentkandidat Mitt Romney har nemleg stått for den innvandringskritiske linja i amerikansk politikk, og har vore tydelege på at innvandrarar utan krav på opphald skal sendast ut. Det er snakk om anslagsvis 12 millionar menneske. Denne knalltøffe linja fekk stryk av veljarane den 6. november, ikkje minst frå den sterkt veksande latino-befolkninga – som i overveldande grad stemte demokratisk.

Amnesti for hundretusenvis

President Obama har på si side ført ein nøktern og human innvandringspolitikk, og har mellom anna gitt amnesti til hundretusenvis av unge, papirlause innvandrarar – og gitt dei arbeidsløyve i staden. «These are young people who study in our schools and play on our playgrounds (...) They are Americans in every single way but one – on paper», sa presidenten. Eg drøymer om ein norsk statsminister som kan seie det same.

I staden køyrer Arbeidarpartiet på med jernhand. Denne politikken er ubehageleg for regjeringspartnar SV, men har full støtte frå Høgre og Frp. Dei to sistnemnte er rett nok vanlegvis opptekne av romslegheit og skjønn i forvaltninga, men det gjeld tydelegvis berre når ein skal bygge på garasjen – og ikkje når små born skal sendast til afrikanske diktatur.

Dagens stortingsdebatt om situasjonen for asylborna vil diverre ikkje endre på den strenge asylpolitikken. Det er det berre veljarane som kan gjere. Eg håpar dei gir stortingsfleirtalet same beskjed 9. september 2013 som republikanarane fekk 6. november i år.

Av Sveinung Rotevatn, leder i Unge Venstre

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere