RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Lynnedslaget hadde enorme krefter.
Lynnedslaget hadde enorme krefter. Foto: Svein Rune Kjøllesdal, Firda

- Det kjendest ut som ei bombe gjekk av

Sist oppdatert:
Naboar fortel at huset rista.

FØRDE: - Vi har fått melding om lynnedslag i eit hus i Vieåsen i kveld. Vi rykkjer ut med brannmannskap, men har førebels ikkje overiskt over kva som har skjedd, seier vaktleiar Dagny Røyrvik på Alarmsentralen i Førde.

- Som ei bombe

Firda sin journalist på staden fortel at naboar han har snakka med etter lynnedslaget fortel om enorme krefter.

- Dei fortel om hus som rista og vibrerte og taklampar som eksploderte. Det var som om ei bombe gjekk av, fortalde ein av naboane til Firda.

Det skal ikkje vere opne flammer på staden.

- Heile området er mørklagt, seier journalisten.


Fleire alarmar

- Vi har fått mange utslag på automatiske brannvarslarar også, så det må ha vore eit kraftig smell, seier Røyrvik.

Også ved Tusenfryd barnehage har det blitt utløyst ein automatisk brannalarm. Brannvernet har rykt ut til barnehagen.


Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere