RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Slik såg det ut på Utvikfjellet klokka ni i kveld.
Slik såg det ut på Utvikfjellet klokka ni i kveld. Foto: Breimsbygda skisenter

- Dette hadde jeg aldri trodd jeg skulle få oppleve

Dette skisenteret har for mye snø.

(Firda): UTVIKFJELLET: – Berre i løpet av dei to siste dagane, har vi fått meir snø enn det vi har hatt dei to siste åra til saman, seier Vegar Sårheim til Firda.

Jobba med å fjerne snøen

Seint laurdag kveld jobba han saman med løype-mannskapet i Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet på spreng for å fjerne snøen under skiheisene.

– Vi har størst utfordringar under heisene, då det av sikkerheits-grunnar må vere to meter klaring til tilbringarane. Så vi må skufle vekk store mengder med snø, seier Sårheim på telefon frå trakkemaskina i anlegget som ligg på grensa mellom Gloppen og Stryn kommune.

Trur på fin jul

– Vi har fått omtrent 1,5 meter snø i løpet av kort tid. Og meldingane fram til jul er at det skal komme mykje meir. Så maktar vi å fordele dette utover, så går vi ei fantastisk romjul i møte, seier Sårheim til Firda. Han ser det humoristiske i at skisenteret faktisk må fjerne snø.

– Ja, dette hadde eg aldri trudd at eg skulle oppleve. Men det betyr berre at brukarane verkeleg kan glede seg til fantastiske dagar i løypene, og ikkje minst kan boltre seg i dei enorme mengdene med laussnø, seier Sårheim om anlegget som startar på 600 meters høgde.

Les flere saker hos Firda.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere