RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Foto: INGE FJELDDALEN

- Elevene lærer at man er i skyldig i mord om man tar abort

Sist oppdatert:
- Skolen driver homohets, mener en elev som har klaget skolen inn for Fylkesmannen.

Ein elev ved Kvitsund gymnas meiner det blir utvist eit altfor konservativt syn i skulens undervising. Eleven har klaga skulen inn til Fylkesmannen, skriver ta.no.

Fylkesmannen har respondert med å sende klaga om mogleg ulovlege og kritikkverdige forhold ved undervisinga ved Kvitsund gymnas vidare til Undervisingsdirektoratet. Skulen er eigd og drivd av Norsk luthersk misjonssamband.

Klagaren fortel i brevet at elevane lærer at homofili skuldast ei skade i barnets tidlegaste utvikling i 2-3 årsalderen. Det er valfaget kristendom dette skal ha blitt forkynt gjennom eit hefte ein lærar skal ha skrive. Lærebøker til faget finst ikkje på skulen. Heftet skal ifølgje eleven skildre korleis homofili kan bli kurert.

- Vidare lærer elevane at menneske som tek abort er skuldige i mord. Dette gjeld også om du er valdteke, skriv eleven.

- Krenking av Religion
Eleven meiner pensumet ikkje gjev rom til eigen tolking av bibelen.

- Praktisk kristendom er ein obligatorisk del av kristendomsfaget. Det vil seie at om me ikkje praktiserar kristendom på deira premissar, eller skriv ein ti siders stil, vil me ikkje få vitnemål frå vidaregåande, skriv eleven vidare.I faga politikk og menneskerettar, og religion og etikk skal det ifølgje eleven ha blitt vist fram karikaturar av Mohammed. Eleven reagerar på at dette blei gjort framom ein muslim. - Dette er i høgaste grad krenking av religion, skriv eleven.

Konservativ
Rektor ved Kvitsund gymnas Thorleif Belck-Olsen vil ikkje kommentere heftet som blir brukt i kristendomsundervisinga, men innrømmer at skulen er konservativ og at dei ikkje kjem til å endre på det.

- Den store avstanden mellom det me driv med og det som er samfunnets norm er kontroversiell, seier han om skulens syn på homofili og abort.Han meiner samtidig det er viktig å vise respekt for alle, også dei som har teke abort.- Ulike folk reagerar på ulike ting. Familieetikk går nært inn på den enkelte, seier rektoren.

Tema tre år tilbake
I 2009 klaga AUF inn Kvitsund gymnas for likestillingsombodet. Klaga gjaldt da også eit undervisingshefte i kristendom. Der stod det at homofili skuldast ei skade i gutars tidlege alder på grunn av at dei blei så knytt til mor si at dei ikkje klara å gå inn i den normale maskuline guterolla. Der stod det at dei typiske tilfella av homofile hadde hatt mødre som hadde vore intime på ein upassande måte, og at dei også hadde vore forførande ovanfor sonen. I tillegg stod det at gifte kvinner må underordne seg mannen.

Pengestøtte
Den gong valte likestillingsombodet å ikkje gå lenger med saka fordi Kvitsund gymnas gjekk med på å trekke tilbake undervisingsheftet. Leiar i Telemark AUF Elisabeth Wickstrøm Åkredalen kjenner att parten om homofili frå heftet dei kjempa mot.

- Kjem de til å ta opp kampen att om same syn på homofili står i lærematerialet?- Garantert. Telemark fylkeskommune gjev skulen rundt 300 000 kroner i støtte. Det er feil at dei skal få støtte med slike kompendium, seier Wickstrøm Åkredalen.Ho meiner det vil vere heilt forferdeleg for unge homofile eller nokon som har teke abort å høyre slikt i undervisingsaugemed.

Teke opp i klassa
Elevrådsleiar Halvor Dahle ved Kvitsund gymnas fortel at elevane får utdelt hefte og enkeltark i kristendomsundervisinga fordi det ikkje finst lærebøker som er i tråd med somme av dei tilsettes synspunkt.

- Fleire av lærarane er ganske konservative, seier han.Dahle fortel at klassa har teke opp ein lærars ordval, som han skildrar som unøytralt, mellom anna om andres religiøse truretningar, som islam. Det blei også sagt frå til kontaktlærar og den aktuelle læraren fekk beskjed. Etter dette skal situasjonen ha betra seg, ifølgje elevrådsleiaren.

Denne saken er levert av ta.no.

LES FLERE SAKER:

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere