RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
(Firda)

- Før treivst eg best på sofaen med junkfood i fanget

Sist oppdatert:
Merete fekk eit helt nytt liv.

NAUSTDAL (Firda): Når Merethe Nesbø snakkar om livet sitt før og no skildrar ho det som natt og dag. På to år har 26-åringen frå Bokn i Rogaland gått ned over 50 kilo.

- Før treivst eg best på sofaen med junkfood i fanget, no kan eg aldri tenke meg eit liv utan trening, seier ho.

Sjå saka i firda.no her

Merethe fortel at ho blir trist av å sjå attende på korleis ho var for to år sidan, og seier bestemt at ho aldri skal tilbake dit.

- Eg hadde det rett og slett ikkje godt. Eg tenkte ofte på å gå ned i vekt, men gjorde aldri noko med det.

Lett tilgang på usunn mat
Merethe budde i Bergen i seks år før ho flytta til bygda i Sogn og Fjordane.

Tilgjengelegheita til usunn mat var ein av grunnane til at ho ville flytte.

- I Bergen var alt lett tilgjengeleg, både junkfood og take away. I Naustdal må vi køyre for å få tak i usunn mat, og då går eg heller på fjellet, ler ho.

- Dessutan syns eg folka i Naustdal er mykje meir positive enn bergensarane. Dei smiler og helsar nesten uansett om dei kjenner deg eller ikkje. Og då er det jo ekstra moro å komme seg ut.

Det heile er ganske tilfeldig. Eg var innom helsesøstera i Naustdal med dottera mi, og spurte om ho hadde nokre tips til korleis eg kunne gå ned i vekt. Ho nemnde to namn, Anne Schei og Olaug Nordheim ved Naustdal kommune, seier Merethe.

Byrja å gå tur
Og det var der det heile starta. Anne byrja å gå tur med Merethe «rundt Naustdal», kvar dag.

- Det var det einaste eg klarte på den tida. For meg var det ein prestasjon å fullføre den runden, seier ho. Etter kvart blei ho meir kjend med Olaug, som gav ho tips om endring av kosthaldet.

Deretter blei ho kopla opp mot «Aktiv på Dagtid» i Førde, der ho blant anna dreiv med intervalltrening. Og så byrja ho på spinning og turgruppe i Naustdal.

- Eg skjønnar ikkje at det har gått så bra. Det har vore ein fin overgang, og det trur eg er viktig for ei livsstilsendring, seier ho. Merethe trenar kvar dag utanom laurdag. To dagar styrketrening på Spenst i Førde, og dei andre dagane går ho på fjellet eller tek ein sykkeltur.

- Eg er utruleg glad for stimerking-prosjektet dei har laga til i Naustdal. No tør eg å gå fjelltur åleine utan å vere redd for å gå meg vill, ler ho.

- Det var i grunnen ikkje noko spesielt som gjorde at eg fann ut at eg ville ned i vekt. Men no i ettertid ser eg faktisk kor gale det var, seier Merethe.

Anne var bekymra for at ho ikkje skulle klare å henge med i oppveksten til dottera, Emilie.

- Og sånn som eg var før, hadde eg faktisk ikkje klart å ta meg av ein aktiv treåring, seier ho tankefullt.

- Takksam for alle støtte
Merethe har fått mykje støtte frå ektemannen Arnt Willy Nesbø og familien hans. Dei har vore positive heile vegen, og har passa Emilie slik at Merethe har fått tid til å trene.

- Eg er utruleg takksam for all støtte eg får, det er faktisk ikkje ein einmannsjobb, stadfestar ho.

Ho legg til at ho burde vore flinkare til å ta Emilie med seg på trening, men ho legg ikkje skjul på at ho set pris på åleinetida under treningsøkta.

- Det er noko med det å komme seg ut i vêr og vind og springe det av deg, spesielt når ein har ein dårleg dag, seier ho.

Merethe sprang fem kilometer under Jølster Maraton tidlegare i sommar. Ho imponerte både seg sjølv og andre.

- Eg var veldig nervøs i framkant, eg har aldri sprunge så langt før, seier ho.

Det var Anne som melde ho på, og sprang saman med ho. Målet var å fullføre.

- Eg kom i mål på 36.27, og er strålande nøgd med det. Neste år blir det ti kilometer, seier ho målbevisst.

Skal sykle Kongerittet med mannen
Og når ein først blir biten av basillen ballar det berre på seg.

- Ja, eg har no meldt meg på Kongerittet, ler ho.

Det skal ho sykle saman med mannen sin.

- Eg skal bevise for meg sjølv at eg kan klare det. Dessutan er det kjekt å ha noko å jobbe fram mot for motivasjonen sin del, seier ho.

Også dette påfunnet var tilfeldig.

- Dei snakka om det på radioen, og eg syns det høyrtes kjekt ut. Så eg melde meg på eit par dagar seinare, ler ho. Deretter gjekk ho til sjefen på jobb og sa ho måtte få fri.

- Det er viktig å tenke at ting ikkje er umogleg. Ein treng ikkje vere idrettsutøvar for å delta på konkurransar, avsluttar ho.

Som ei markering av at det er 200 år sidan nynorskens far, Ivar Aasen, blei født, vil Nettavisen i dag presentere fleire saker på nynorsk.

Knallhard veg å gå

- Ho er ei jente med eit enormt pågangsmot og har ein viljestyrke mange berre kan drøyme om, seier Olaug Nordheim til Firda.

- Det Merethe har gjort er beundringsverdig, seier Olaug.

Ho jobbar i Naustdal kommune, og har følgt Merethe heile vegen gjennom livsstilsendringa.

- Vi byrja i det små og har jobba oss oppover, seier ho.

I starten måtte dei ha jamlege pausar når dei gjekk tur.

- Vi gjekk 100 meter, så tok vi pause. Og slik gjekk vi rundt i Naustdalsområdet.

- Ein del frustrasjon

Og for Merethe var dette tungt. Veldig tungt.

- Ho har gjort ein stor jobb, spesielt med det utgangspunktet ho hadde, seier Nordheim.

- Det var ein del frustrasjon og litt tårer i byrjinga. Men det skal seiast at vi har hatt mykje moro også.

Olaug har hatt kontakt med Merethe om lag sidan ho kom til Naustdal, og Merethe nemner både ho og Anne Schei som enorme støttespelarar i prosessen.

- Vi har vore med på laget, men Merethe har gjort jobben sjølv, seier Nordheim.

- Må ha skikkeleg viljestyrke

Ho meiner at å gjere ei livsstilsendring er svært krevjande, og ein må ha skikkeleg viljestyrke for å få det til.

- Endringa skal fungere for kvar enkelt, den skal trass alt vare livet ut, seier Nordheim.

Ho trekkjer fram at det ikkje berre handlar om trening. Også kosthaldet må endrast.

For å klare å legge slike endringar inn i si faste rutine, krevst det tid og motivasjon.

I tillegg til Merethe sin sterke motivasjon og entusiasme er det fleire ting som har bidrege til at prosjektet har lykkast.

- Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid i Naustdal kommune. Både fastlege, fysioterapi, og av og til helsestasjonen, er innblanda. I tillegg har vi samarbeidd med Aktiv på Dagtid i Førde, seier Nordheim.

Både ho og Anne har jobba med dette i mange år, men Olaug presiserer at det Merethe har gjort, er unikt. Dei har no starta opp «Frisklivsentral» i Naustdal, og ho kan fortelje at Merethe er ei stor inspirasjonskjelde for mange som deltek der.

- Det er mange som ser opp til ho og beundrar det ho har gjort, seier Nordheim.

- Det er vanskeleg å skryte nok av ho, ler Nordheim.

Denne saken er levert av Firda.

Bør Nettavisen skrive fleire saker på nynorsk?

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere