RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
- Eg gav henne ein klem og fortalde ho at ho hadde redda dagen min, seier Siri Kristina Iversen.
- Eg gav henne ein klem og fortalde ho at ho hadde redda dagen min, seier Siri Kristina Iversen. Foto: Bent Are Iversen (Firda)

- Hun bare kom og ga meg pengene ...

Siri fortvilet over at lommeboken var forduftet. Så fikk hun uventet hjelp.

Siri sto stressa og fortvila i kassa, utan lommebok. Så kom ei dame bort til henne:

– Eg jobbar på Kitch'n på Handelshuset i Førde, og hadde akkurat stengt butikken. Eg var skrubbsvolten, og hadde få minutt på meg å handle på Spar, før eg skulle nå bussen til Naustdal, seier Siri Kristina Iversen, om ei både stressande og gledeleg oppleving som fann stad måndag kveld.

Du kan lese hele saken i Firda.

Fann ikkje lommeboka

Summen på kassaapparatet synte godt over 600 kroner då ho skulle betale for matvarene, men då ho skulle ned i veska for å finne fram kortet, var ikkje lommeboka å finne.

– Eg vart stressa, oppgitt og sint, seier Iversen, som samstundes oppdaga at det heller ikkje var lenge til bussen hennar skulle gå.

Ein telefon heim, var heller ikkje hjelp i. Mannen hennar var låst i Naustdal, med ungane lagt i seng.

Framand jente betalte

Då ho til slutt innsåg at ho måtte byrje å legge tilbake alle matvarene, dukka det ei ung jente opp som hadde sett episoden frå ein benk ved apoteket like ved.

– Ho kom bort til meg, sa ho ville hjelpe meg. Ho tilbaud seg å betale matvarene for meg, og gav meg også ein 50-lapp til bussen, seier Iversen, som takka ja til tilbodet.

Du kan lese hele saken i Firda.

– Eg vart veldig overraska, men var svært takknemleg. Eg gav ho ein klem og fortalde ho at ho hadde redda dagen min, seier Iversen.

Siri er opphavleg frå USA, eit land der folk er kjende for å vere ein del meir utadvente enn i vesle Sunnfjord.

– Folk er litt redde for å snakke med framande her, men ikkje etter at samtalen er i gang. Vi amerikanarar er litt annleis der. Kanskje litt for mykje på den andre sida, seier Iversen og ler.

Rett i nettbanken

Det at ein framand ville legge ut ein såpass stor sum for henne, opplevde ho som både uvanleg og svært snilt.

Etter butikklånet var alt ho hadde, ein lapp der det stod «Jeanett» og eit kontonummer.

– Å betale tilbake var det første eg gjorde då eg kom heim, seier Iversen.

- Veit korleis det er

- Eg fekk så vondt av henne, seier «den miskunnsame samaritan», Jeanett Svardal, då Firda får oppspora henne på telefon.

- Og dermed lånte du ut 600 kroner til ei vilt framand dame?

- Eg såg berre ei veldig fortvila dame som sikkert ville heim og ha i seg noko mat. Ho kom seg jo ikkje så veldig langt utan lommebok, og så høyrte eg ho sa at då kom ho seg jo ikkje heim att heller. Ëg var akkurat ferdig på jobb og venta på sambuaren min, så eg veit korleis det der er, seier Svardal.

- Eg tenkte at ho kanskje ikkje syns det var greitt at nokon kom og blanda seg, men så tenkte eg at eg fekk gje det eit forsøk.

- Er dette noko du brukar å gjere?

- Nei, det er første gongen. Men det var ein gong eg såg noko liknande på Coop, og då gjorde eg ingen ting, og då fekk eg så dårleg samvit, så no tenkte eg at «no skal eg gjere det».

Du kan lese hele saken i Firda.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere