RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Anmeldelse: «Flunkene Piratene»

Det siste Flunkene-spelet byr på ei fin samling med utfordringar.

Piratar er alltid moro, og det spelar eigentleg lita rolle om du er liten eller stor. Piratar er tøft, og det har Flunkene òg oppdaga. I sitt siste eventyr legg dei ut på eit nytt eventyr der du tek på deg rolla som ein pirat i startgropa. Gjennom forskjellige minispel og utfordringar må du bli sterkare før du går til kamp mot dei stadig sterkare piratkapteinane.

Sjølv om piratar gjerne er nokre blodtørstige skapningar, er det ingenting som minnar om det i «Flunkene: Piratene». Sjølvsagt ser du eit sverd eller to, men utover det er alt presentert på ein så uskuldig og sjarmfull måte at det aldri oppstår dramatikk.

Glimrande presentasjon

Ei av spelets største styrker er presentasjonen. Alt er på norsk, og det er minimalt med skrift i spelet, noko som vil gjere det lett for dei minste å forstå alt som skjer. Til dømes må du velje ein person og ei vanskegrad før du går i gong, og her er det ei artig stemme som forklarar alt veldig enkelt. Vanskegradene er i tillegg markert med fargar, noko som gjer det ekstra lett for ein liten krabat å forstå kva han skal gjere. Samtidig kan heile spelet styrast med DS-pennen, noko som gjer det ekstra lett å ha god styring.

Når du først er inne i spelet blir du møtt av lystig sjørøvarmusikk og mange små detaljar. Du reiser til forskjellige piratøyer fulle av sære skapningar, og eit fellestrekk for alle dei små elementa er at dei er fulle av detaljar som garantert vil få fram ein lystig latter. Vi finn ein fisefin piratkaptein som drikk te medan han sit i piratskipet sitt, og ein liten blå flunke står med ryggen til og tissar i havet. Utover dette er det mykje godt stemmeskodespel som verkeleg får fram dei forskjellege typane piratar i spelet. Det er på nivå med dei meir forseggjorte barneseriane på TV, og skapar ei god piratstemning.

Den artige grafikken og dei morosame stemmene vil garantert engasjere dei minste.

Ein pirat på tur

Du vil reise mellom ei pirathamn, eit møte mellom sinte piratskip på havet og ei vulkansk øy. I kvart av desse tre områda gjer du det same. Du får heile tida i oppdrag å finne tre like ting, noko som ikkje alltid er like lett når kvart område er fylt til randen med rare figurar og piratrelaterte gjenstandar. Dette er likevel noko som kan hjelpe borna til å følje godt med, og lære seg å konsentrere seg om noko medan dei har det moro.

Målet med å heile tida finne tre like ting er å bli sterkare og få større omdømme ved å gå opp i erfaringsnivå. Den reelle effekten av dette kjem berre fram når du går til piratkamp mot ein rival, der erfaringsnivået avgjer kor sterk du er. I desse slaga vil du bruke spelekort med opp til tre forskjellige symbol for å vinne. Ein hovudskalle gjev deg piratkraft for å bruke superkort, ei bombe skadar fienden, og eit skjold reparerer piratskipet ditt. Dette er utan tvil den beste utfordringa i spelet, og du blir nøydt til å tenkje logisk og litt strategisk for å vinne. Samtidig er det veldig underhaldande med mykje artig dialog og morosame animasjonar.

Spelet har i tillegg to andre utfordringar å bryne seg på. Eitt av dei er fektekamp mot ein kløktig pirat, noko som vil utfordre koordinasjonen. Her må du sveipe over sverd som susar mot deg, eller trykkje på andre objekt som til dømes ein skiten støvel. Det siste minispelet er ein enkel versjon av å finne to like der spelaren skal finne to eller fleire par med like figurar i eit rutenett. Det er enkle og gode utfordringar som byr på ei fin utfordring.

Litt lite innhald

«Flunkene: Piratene» byr på god underhaldning samtidig som dei forskjellige utfordringane i spelet kan trene opp både koordinasjon, observasjonsevne og logikk. Den artige grafikken og dei morosame stemmene vil garantert engasjere dei minste, noko som vil gjere det veldig lett for dei å bli glade i dei små oppgåvene. Spelet er derimot veldig kort, og det heile er raskt over. Har du først sigra over dei forskjellige piratkapteinane startar berre spelet på ny, og du gjer det same om igjen. Dette er likevel ikkje det viktigaste når det kjem til spel for dei minste, og Flunkene: Pirater er eit spel som lett kan spelast i lang tid utan at utfordringa forsvinn.

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere