RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Foto: Paul Weaver (Mediehuset Nettavisen)

Fordi eg har barn

Sist oppdatert:
Eg har i dag min første dag nokon sinne i ei mediebedrift. Eg er gjesteredaktør i Nettavisen.

Sjansen til å prege avisa ein dag greip eg begjærleg. Fordi eg får prøve noko nytt. Og fordi eg kan sette klima på dagsorden.

Eg har barn sjølv. Det er andre barn eg er nær og bryr meg om. Eg vil ha barnebarn. Å gje blaffen i klimaendringane er for dei som ikkje har barn eller barnebarn. For klimaendringane kjem. Og dei blir verre enn vi trur. Dersom vi ikkje snur kursen.

Nettavisen skriv i dag at klimaproblema etter alt og døme er verre enn det vi har trudd. Forskinga som har kome etter FNs klimapanel peikar systematisk i feil retning, slik professor i Biologi Dag O. Hessen seier i Nettavisen i dag.

Han er også krystallklar i sin bodskap om deg og meg; «Sett ut fra CO2-utslipp per innbygger... er vi kollektivt en nasjon av av klimaverstinger» seier han.

Dette er ikkje først og fremst eit spark til meg som privatperson, men til meg som politikar. Og til alle andre politikarar. «Min generasjon av politikarar kan bli dømt hardt av ettertida» sa tidlegare Sp-leiar og statsråd Åslaug Haga i eit foredrag i regi av Concerned Scientists Norway. Ho bør vite det.

Skal vi unngå denne dommen må vi våge radikale grep:

- Vi må seie nei til store, nye klimabomber heime. Vi kan begynne med å sikre eit oljefritt Lofoten, indrefileten i turistnoreg.

- Vi må bli ein kollektiv nasjon. Togsatsinga må opp. Nettavisens redaktør Gunnar Stavrum har også rett i at vi må innføre rushtidsavgift eller veiprising i dei store byane.

- Vi vil likevel forbli ein bilnasjon. Men vi må bli ein miljøbilnasjon, der elektriske bilar og hybridbilar utkonkurrerer fossile bilar.

- Så må vi ta spranget frå oljealderen til den fornybare alderen. Vi må overføre pengane, kunnskapen, forskarane og fokuset frå olje og gass – dagens «gull» – til vind, sol, biomasse og hydrogen – framtidas «gull».

Dei viktigaste konsekvensane av klimaendringane er globale, og litt fjerne. Mindre matproduksjon. Orkan. Mauritius kan «synke i havet».

Eg møter av og til spørsmålet om kva det har med oss å gjere. Vi veit litt. Det kan bli meir ekstremvær, og fleire ras og flaumar. Det vil regne meir i Bergen, og vere mindre snø i Nordmarka. Dyrelivet blir påvirka. Nettavisen vil skrive meir om dette utover dagen.

Men svaret er også at vi veit ikkje. Er vi villig til å ta sjansen?

Eg er ikkje. Eg har barn.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere