RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Hans Kristian Lundevall, Åsen & Øvrelid
Hans Kristian Lundevall, Åsen & Øvrelid Foto: Ole Johannes Øvretveit (Firda)

Hans Kristian fikk plutselig 45.000 ekstra på konto

Sist oppdatert:
- Du føler du får igjen for strevet.

15 prosent av overskotet i Åsen & Øvrelid går rett ut i bonus til dei nesten 100 tilsette. Overskotet til entreprenørselskapet frå Førde var i overkant av 40 millionar før skatt i 2013, skriver Firda.

Hans Kristian Lundeval er ein av dei tilsette som fekk 45.000 ekstra i lønn i april.

- Det pirrar litt. Du føler at du får litt att for strevet då, seier Lundevall.

Litt av bonusen skal sparast, men litt moro skal han ha og:

- No har eg bestilt Irland-tur for meg og frøkna. Der skal vi på Garth Brooks-konsert og elles berre vere turistar.

27-åringen er utdanna tømrar og har arbeidd i Åsen & Øvrelid sidan han begynte i 2004 som lærling. Bonusen er ein viktig inspirasjon, seier han:

Bonusen ofte nemnt

- Den er ofte nemnt, ja. Om nokon mistar ein skrue på golvet, så er det gjerne ein som seier at «Den må du plukke opp att! Tenk på bonusen!» Det er jo på spøk då, men...

Bonusen motiverer til å ta i eit tak ekstra når det trengst, seier han:

- Som no nettopp, då vi skulle bygge ventilasjonsbygg på taket av Førdehuset. Frå vi opna taket jobba vi nokre heftige dagar for å komme så langt at vi fekk tetta taket før regnet kom. Hadde vi ikkje tatt dei lange dagane, så hadde det blitt ein mykje større operasjon å tette taket.

- Korleis påverkar bonusen arbeidsmiljøet? Blir det slått ned på unnasluntrarar?

- Ja, det går eg ut frå.

- Går ut frå?

- Ja, eg veit i grunnen ikkje. Eg har ikkje vore borti unnasluntrarar dei ti åra eg har jobba her. Det har ikkje vore ei problemstilling, seier Lundevall.

Alle stiller opp

- Blir det mange seine kveldar?

– Det varierer litt. Men må ein jobbe overtid, så er det aldri noko problem. Alle stiller opp. Er det eit ekstra tak som må takast, så er alle med.

Han stortrivst i jobben:

- Det er veldig mykje sosialt i firmaet. Gokart, grillkveldar, turar. Og så har vi brukt å reise på weekendturar.

- Med følge, då?

- Hehe, nei, det skulle blitt eit styr.

Fekk napp på fleire store prosjekt

Etter rekordåret i 2012 var dagleg leiar Finn Ove Øen i Åsen & Øvrelid usikker på om 2013 ville bli ei like stort jubelår for selskapet. Fasiten var at dei tangerte resultatet frå 2012.

- Vi hadde ikkje forventa eit så bra resultat som dette. I utgangspunktet trudde vi det kom til å bli ein liten nedgang, men så fekk vi heldigvis napp på fleire av dei store prosjekta vi kalkulerte med, seier Øen.

Suksessoppskrifta er ifølgje den daglege leiaren ikkje noko hokuspokus.

- Det handlar kort og godt om å gi full gass heile tida. Hardt arbeid og kontroll på kostnader, det er dei viktigaste stikkorda. Og så må ein vere konstant på hogget, seier Øen.

Les flere saker i Firda

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere