RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Foto: Oskar Njaa (Natur og ungdom)

Hoppar i havet mot oljeboring

Krefter bur seg på sivil ulydnad i kampen om Lofoten. I Raudt har heile partileiinga meldt seg.

OSLO (Nettavisen): Naturvernarane og dei politiske partia som går mot oljeboring i nord, bur seg på tøffe tak i valkampen. Nokon gjer seg alt nå klar til sivil ulydnad etter valet.

Lagar lister
Søndag melde Natur og ungdom at dei er budd på sivil ulydnad dersom det blir oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. NU-leiar Silje Lundberg og andre frå organisasjonen har vore samla til sommarleir i Kabelvåg der dei har trent på sivil ulydnad. Nå følgjer Raudt og Raud Ungdom opp og seier at dei også stiller seg bak bruken av slike kampmiddel, om nødvendig. Partiet er alt i gang med å lage lister over folk frå eigne rekker som vil delta. Heile partileiinga stiller opp.

- Sivil ulydnad er ikkje-valdelege aksjonar, og kvar og ein må sjølv ta stilling ut frå eige samvit om han eller ho vil vere med på dette og eventuelt bryte påboda politiet kjem med, sier Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt til Nettavisen.

Ni førstekandidatar
Det var likevel ikkje vanskelg å få folk til å stille opp, seier han. Heile partileiinga og ni førstekandidatar har satt seg på lista.

- På under 24 timar melde det seg over 50 stykker, så det er tydeleg at viljen til å stoppe meir oljeboring i nord er sterk i Raudt. Vi vil kjempe til siste skanse for å hindre at oljeindustrien får bore ved Lofoten, Vesterålen og Senja, seier Moxnes.

Som ei markering av Ivar Aasen-jubileet, presenterer Nettavisen i dag nokre saker på nynorsk.

Han legg til at eventuelle aksjonar vil skje i regi av Folkeaksjonen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.

- Det er dei som bestemmer om det blir slike aksjonar, seier han.

Frykt for dei «blåsvarte»
Med ei regjering der Høgre og Framstegspartiet sit ved roret, fryktar Moxnes for havområda i nord.

- Dersom vi får ei blåsvart regjering, så ser det mørkt ut for både turisme og fiskeria. Dersom målingane slår til, kan vi få eit reint fleirtal med Frp og Høgre, og då vil dei gje Statoil det Statoil ber om, spår Moxnes.

Han meiner Høgre og Frp på dette området er i utakt med folkemeininga både i Nordland og i landet elles.

- Men om KrF og Venstre kjem med i regjeringa, så kan de senke skuldrene?

- Nei, alle stemte dei for opning av Barentshavet søraust. Vi treng eit nytt parti som går for fornybare energikjelder, og det partiet er Raudt, seier Moxnes. Han strekar likevel under at dei står skulder ved skulder med partia og organisasjonane som ikkje ønskjer oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. KrF og Venstre er blant desse.

- Du kan havne på Stortinget for Raudt etter valet i september. Er det uproblematisk for deg å sitte på tinget og vedta lover og samstundes bryte dei?

- Retten har ikkje alltid rett
- Det er ingen lett vurdering, men i blant er det moralske krav som er viktigare enn det generelle kravet om å følgje lova. Retten har ikkje alltid rett. Sivil ulydnad er ein viktig del av det norske demokratiet og også naudsynt i eit kvart samfunn. Professor Eivind Smith har sagt at eit styringsapparat som er overtydd om at dei alltid har rett er eit svakare demokrati enn eit som også er åpent for synet til aksjonisten.

Raudt-leiaren seier vidare at sivil ulydnad ikkje er det første verkemiddelet, men meiner det kan forsvarast i ei sak som denne.

- Korttenkte politikarar kan ikkje få lov til å øydelegge framtidas matfat og eskalere klimaendringane utan at det blir bråk, seier han.

Moxnes peiker på Alta-aksjonane på 1970- og 80-talet:

- Dei som lenka seg fast i Stilla fekk rett, og Gro Harlem Brundtland innrømte seinare at det var gjort ein stor feil.

Enda i Høgsterett
Moxnes har sjølv vore dømd heilt opp til Høgsterett etter at han som leiar av Raud Ungdom la ut skulebøker gratis på nett.

Silje Lundberg, leiar i Natur og ungdom, seier at ho er glad for engasjementet i Raudt og andre parti som støtter deira kamp mot oljeboring i nord.

Peikar på seks parti
- Dei som er motstandarar av oljeboring i nord har fleire alternativ ved dette valet. Ønskjer dei at Jens Stoltenberg skal fortsette som statsminister, kan dei stemme SV, Senterpartiet og Raudt. Vil dei ha Erna Solberg som statsminister, er alternativet å stemme Venstre eller KrF. Og er dei ikkje heilt sikre på kven som bør vere statsminister, men gjerne stør kampen for eit oljefritt Lofoten og Vesterålen kan dei stemme Miljøpartiet Dei Grøne.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere