RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Humor, rating og ansvar

Sist oppdatert:
Med ironibølga er det blitt hardt å vere konstruktivt kritisk. Det meste kan og skal tøysast bort. Det synte NRK-programmet "Nytt på nytt" oss.

Av Rolf Kjøde, generalsekretær i Normisjon

Saman med ironisjangeren og stand-up-miljøets overflatehumor, har også riksmediene gitt oss ein ny type heltar som i ly av sin sjanger har skaffa seg ein slags immunitet mot kritikk. Sjølv om ironien gjerne går langt utover sine grenser og havnar i dei reine sarkasmer og personangrep, blir heltane ikkje haldne ansvarlege.

Til det er ratingen for høg. Sjåartal er pengar. Og sørlandske fjernsynssjefar som vi trudde hadde ei viss kulturell og moralsk ryggrad, ser ut til å ha abdisert som ansvarlege redaktørar.

Annleis er det vanskeleg å tolke NRK-sjefens passive melding i samband med at ein av hans store profilar ikkje berre nøydde seg med uansvarleg oppførsel på fjernsyn, men tok med seg mønsteret ut i gatene. Ho som lever av å såre andre i media, tok sjansen på å vere ein livsfare også i trafikken. Og hennar næraste medarbeidarar får fleipe vidare med det for alt folket. Til rekordhøge sjåartall i NRK. Og til sorg for landets mange trafikkoffer.

Bernander hadde ikkje hatt noko med programmet å gjere, seier han. Men om medarbeidarane hans er ansvarslause i si verdilause formidling til ein tredjedel av det norske folket, kan NRK-sjefen dermed berre vaske sine hender? Er han ansvarleg redaktør eller berre administrerande direktør, på linje med Otto Jespersens sjef i TV 2?

Om Normisjon (fra organisasjonens hjemmesider):"Normisjon er en fri og selvstendig bevegelse innen Den norske kirke med fokus på fellesskap og misjon....Normisjons oppdrag er å formidle evangeliet i ord og gjerning lokalt og globalt. I praksis betyr dette at alt det Normisjon gjør skal preges av at evangeliet skal bringes stadig videre ut til vårt nærmiljø, til hele vårt eget land og ut til jordens ender."

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere