RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Her kjemper kongeørnene og reven for føden!

Se den utrolige videoen over!

Jan Lars Nesje frå Styn har fem viltkamera i skogen. Dei er vakne døgnet rundt, så sant dei har batteri og plass på minnebrikka, skriver Firda.

Tidleg i mars fanga eitt av kamera ein rev og ei ørn som krangla om matrestane.

– Det er ein påkøyrd hjort, som eg frakta til skogs for å få filme ørn, seier Nesje.

Han tar opp timevis med små filmsnuttar. Kameraa slår seg på ved røyrsle og filmar eitt minutt. No har han nett komme attende frå ein tur til Sør-Afrika, då hadde han over 600 slik filmar på eitt minutt å sjå gjennom.

Du kan lese hele artikkelen her.

Her kjemper kongeørnen og reven om føden.


Leitar etter blinkskota

– Eg får ikkje mange slike blinkskot, men eg kan ikkje gå gjennom alt heller. Eg må hoppe litt for å sjå om det kan vere noko spesielt, så må eg slette filmen for å ta opp meir, seier han.

Men dei filmane som er verde å ta vare på, dei lagrar han.

– Det er moro å sjå kva som rører seg i skogen. Eg får mykje hjort. Førebels har eg ikkje fått fødslar på kamera, men det er ikkje langt ifrå. Eg har video av nokre kalvar som stavrar seg rundt.

Kameraa er plasserte på strategiske plassar. Eit står ved ei badegrop, eitt ved ei rås der han veit hjorten går forbi.

Fine turar

– Eg prøver å finne plassar der eg veit dyra passerer. Mellom anna har eg eitt oppe i grensa mellom furuskogen og bjørkeskogen, det har eg ikkje fått sjekka på ei stund.

At han fekk med videoen av ørna og reven var litt flaks. For på det kameraet som stod best til, var minnebrikka full. Heldigvis stod der eit kamera til som fekk med seg det som skjedde. Han kunne hatt kamera som sende filmane vidare til eposten, men det vil han ikkje.

– Det er artig å gå ein tur i skogen og byte brikker. Vi må ha desse turane, hunden og eg, seier han.

Les flere artikler i Firda her.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere