RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss
Foto: Malene indrebø-Langlo (Firdaposten)

Omkom i trafikkulykke

Sist oppdatert:
En person er omkommet etter en ulykke på Riksveg 5 ved Brandsøy.

BRANDSØYÅSEN: (Firdaposten):

To personar er alvorleg skadde under ei trafikkulykke like ved parkeringsplassen til Brandsøyåsen. Ulykka skjedde klokka 07.23. Bilen føraren sat i kolliderte med eit vogntog.

Klokka 09.47 stadfestar politiet at ein ung mann omkom i ulykka. Han var førar av personbilen.

Ifølgje politiet var det to personar i personbilen. Begge to vart sendt til Førde sentralsjukehus.

Klokka 10.50 stadfestar Helse Vest at passasjeren i bilen er ei kvinne på 18 år. Situasjonen hennar er alvorleg, men stabil. Kvinna ligg til observasjon ved Førde Sentralsjukehus. Føraren av vogntoget blir behandla poliklinisk, opplyser Helse Førde til Firdaposten.

Den omkomne er ifølgje Helse Vest ein 19 år gammal mann. Namnet er førebels ikkje frigitt.

— Det er framleis for tidleg å seie kva årsaka til kollisjonen er, skadestaden blir etterforskar av politiet no, opplysar operasjonssentralen.

Vegen forbi ulykkesstaden er stengt inntil vidare. Omkøyring for mindre køyretøy er via sørsida og Botnaholten. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen kjem til staden 10.30.

Ifølgje politiet er riksvegen forventa rydda og opna att klokka 11.15.

Les flere saker hos Firdaposten

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere