RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Overarkitekt/overingeniør (Avd.ark/avd.ing.)

Sist oppdatert:

Fylkesbyggesjefen er fylkeskommunen sin fagseksjon for bygg- og eigedomssaker. Økonomidirektøren er næraste administrative overordna. Fylkesbyggesjefen ivaretar fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for planlegging, bygging, vedlikehald og forvaltning av fylkeskommunen sine eigedomar. For prosjektering nyttar kontoret i stor grad engasjement av ekstern konsulenthjelp. Bruttoareal på den fylkeskommunale bygningsmassen utgjer i dag ca. 340 000 m² - hovudsakleg vidaregåande skular (52). Kontoret har p.t. 10 stillingsheimlar.

For di medarbeidarar har slutta ved oppnådd pensjonsalder treng kontoret ein eigedomsforvaltar/vedlikehaldsadministrator.

Eigedomsforvaltar skal primært ha ansvaret for forvaltning, drift og og utleige av den fylkeskommunale bustadmassen, p.t. ca. 80 husvære, men vil og ha ansvaret for utvikling/eventuelt sal av fylkeskommunale eigedomar elles.
Vedkomande skal dessutan administrera ekstraordinært vedlikehald på ein del vidaregåande skular og andre institusjonar.
Det må elles påreknast at det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene.

Stillinga er direkte underlagt fylkesbyggesjefen

Søkjar bør ha bygningsfagleg utdanning og relevant praksis frå byggherreorganisasjon, bygge- eller prosjekteringsfirma og/eller eigendomsforvaltning. Anna utdanning med høveleg praksis kan og vera aktuell.

Det vil bli stilt store krav til generell tverrfagleg kompetanse innanfor bygningsfag, inkludert VVS og elektro.

Det må påreknast ein del reiseverksemd i stillinga. Bruk av eigen bil i tenesta vert godtgjort etter regulativ.

Søkjar må ha kunnskap om og interesse for bruk av EDB-baserte hjelpemiddel.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Løn etter avtale.

Nærare opplysningar ved fylkesbyggesjef Harald Lyssand, tlf. 55 23 95 00 eller harald.lyssand@hordaland-f.kommune.no vedlikehaldsleiar Magnar Nesbjørg, tlf. 55 23 95 02, magnar.nesbjørg@hordaland-f.kommune.no

Send søknad med kopiar av attester og vitnemål skal sendast til:

Hordaland fylkeskommune
Fylkesbyggesjefen
Postb. 7900
5020 Bergen

Søknadsfrist: 27.09.2003.

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere