RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Overarkitekt/overingeniør - prosjektleiar

Sist oppdatert:

Fylkesbyggesjefen er fylkeskommunen sin fagseksjon for bygg- og eigedomssaker. Økonomidirektøren er næraste administrative overordna. Fylkesbyggesjefen ivaretar fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for planlegging, bygging, vedlikehald og forvaltning av fylkeskommunen sine eigedomar. For prosjektering nyttar kontoret i stor grad engasjement av ekstern konsulenthjelp. Bruttoareal på den fylkeskommunale bygningsmassen utgjer i dag ca. 340 000 m² - hovudsakleg vidaregåande skular (52). Kontoret har p.t. 10 stillingsheimlar.

Hordaland fylkeskommune står framfor store utfordringar med fleire store byggeprosjekt innanfor skulesektoren, og søkjer difor etter prosjektleiar med røynsle frå gjennomføring av større byggeprosjekt.

Hovudoppgåva vil vera å leia og organisera gjennomføring av planarbeid og byggeprosjekt, m.a. med vekt på :

- etablering og leiing av intern prosjektorganisasjon
- sakshandsaming ovanfor fylkesutval og fylkesting
- kontrahering av arkitekt, tekniske rådgjevarar og entreprenørar
- kontakt mot offentlege styresmakter
- arkitektfagleg vurdering av prosjekt
- ansvar for økonomi, framdrift og kvalitet

I tillegg til hovudoppgåva kan det bli aktuelt å administrera prosjekt innanfor bygningsvedlikehald og eigedomsforvaltning, og å styra fylkeskommunale leigetilhøve.

Det må generelt påreknast at arbeidsoppgåvene i stillinga vil endra seg over tid.
Ved tilsetjinga vil det bli lagt vekt på:

- formell kompetanse
- røynsle frå leiing av byggeprosjekt
- gode kunnskaper om plan- og bygningslova
- gode kunnskaper om offentlege innkjøpsreglar
- kunnskaper om offentleg bygg- og eigedomsforvaltning
- kunnskap om byggprogrammering
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kunnskap om of interesse for bruk av edb-basert styringsverktøy
- personlege eigenskaper

Det vert kravd utdanning som sivilarkitekt eller sivilingeniør. Anna teknisk utdanning på universitets-/høgskolenivå kan og vera relevant for stillinga.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Fylkeskommunens administrasjonbygg ligg i Bergen sentrum.

Det må påreknast ein del reiseverksemd i stillinga. Bruk av eigen bil i tenesta vert godtgjort etter regulativ.
Løn etter avtale.
Tilsetjing vil elles skje på vilkår som følgjer av lover, avtaler og reglement for Hordaland fylkeskommune.

Nærare opplysningar ved fylkesbyggesjef Harald Lyssand, tlf. 55 23 95 00 harald.lyssand@hordaland-f.kommune.no

Send søknad med kopiar av attestar og vitnemål skal sendast til:

Hordaland fylkeskommune
Fylkesbyggesjefen
Postboks 7900
5020 Bergen

Søknadsfrist: 26.03.2004

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

Våre bloggere