RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Skatterevisor/likningsrevisor

Sist oppdatert:

Ved Jæren likningskontor er det ledig stilling som skatterevisor, kode 1223, eventuelt likningsrevisor kode 0037 med kontorsted Bryne.

Arbeidet som skatterevisor vil i hovudsak vere bokettersyn og kontrollarbeid hos næringsdrivande. Andre arbeidsoppgåver vil vere sjølvstendig saksbehandling i samband med likninga, herunder behandling av klage frå skattytar og informasjonsutveksling med skattytarar, arbeidsgivarar og andre etatar mv.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Bestått registrert revisoreksamen eller anna god teoretisk revisjonsutdanning på tilsvarande eller høgare nivå.
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, herunder god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Evne til å arbeide målretta og resultatorientert.

Vi kan tilby:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gunstige arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Avløning som skatterevisor i ltr. 40 – 57 (297 000 – 399 000) avhengig av kvalifikasjonar

Avløning som likningsrevisor i ltr. 32 – 50 (263 300 – 352 500) avhengig av kvalifikasjonar

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Tilsetjing skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn og det regelverket som til kvar tid gjeld for stillinga. Det gjeld særskilde reglar for attåtstilling og deltaking i næringsverksemd.

Skatteetaten er under omorganisering, og den som blir tilsett må difor vere villig til å retta seg etter dei endringar som dette kan føre med seg.

Arbeidsstyrken i offentleg teneste skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit politisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamsetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert difor oppmoda om å søkje.

Søkjarar må kunne nytte begge målformer.

Nærare opplysningar om stillinga blir gitt av likningssjef Inger Furenes Nordås tlf 51 77 89 25 eller avdelingsleiar Ola Helgeland tlf 51 77 89 23.

Søknad med CV kan sendast til
Jæren likningskontor,
Postboks 278,
4349 Bryne

innan 18. mars 2005.

Innsendte attestar og vitnemål vil ikkje bli sendt attende.

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere