Gå til sidens hovedinnhold

Børsuflaks for Møgster

Nok ein gong verdt Møgsterfamilien råka av børsuro i det den er ute og frir til aksjemarknaden.

av Ogne Øyehaug



Nett i det finansmeklarane i fjor vår knytte slips og aksla dressjakker for å dra ut og overtyde investorane om at det var lurt å satse pengar på Austevoll Seafood, så stupte aksjekursane.



På ei veke fall verdiane av selskapa på Oslo Børs med 13 prosent.



Resultatet var at den planlagde kapitalutvidingar på to milliardar kroner måtte utsetjast. Interessa for å satse på aksjar skrumpa inn. Og storaksjonærane Helge og Ole Rasmus Møgster var ikkje viljuge til å sette kursen så lågt at dei kunne freiste investorar til å satse midt i børsfallet.



Nesten to milliardar

Denne gongen har Møgsterbrørne allierte seg med sin gamle partnar frå fisket i Seattle på 80- og 90-talet, Kjell Inge Røkke.



Røkke-selskapet Aker Innovation og Møgsterdominerte DOF Subsea eig nyskipa Aker Oilfield Services saman. Aker Oilfield skal drive vedlikehald og reparasjonar av olje- og gassbrønnar på havbotnen.



Målet er å hente inn to milliardar kroner i ny eigenkapital i løpet av denne veka og børsnotere selskapet så snart som råd.



Uflaks

I ein slik situasjon er børsfall dårleg nytt.



Kursfall i Asia drog aksjeverdiane på Oslo Børs ekstra kraftig nedover i går formiddag. På eit tidspunkt var kursfallet i høve til fredag heile 3,6 prosent. Då børsen stengde var kursfallet redusert til minus 1,8 prosent.



Børsfallet i fjor vår vart ikkje noko meir enn ei kort pause i ein lang opptur. Det tok heller ikkje mange dagane frå kapitalutvidinga i Austevoll Seafood vart utsett, til selskapet hadde fått pengar på plass.



Etter nokre mindre endringar fekk Austevoll Seafood samla 1,5 milliardar kroner. Investorane betalte 36 kroner per aksjane, aksjar som i går vart verdsett til 50 kroner per aksje.



Spørsmålet no er om også kursfallet vi har hatt sidan midten av februar berre er eit kortvarig tilbakeslag.



Resultatet av kapitalutvidinga i Aker Oilfield Services vil vere ein bra målestokk på om optimismen i aksjemarknaden framleis er større enn pessimismen.

Reklame

Kurs: Dette må du vite om vin og bobler til 17. mai

Kommentarer til denne saken