RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

"Dagmamma søkes"

Ein dag i august såg eg eit oppslag på eit tre. "Dagmamma søkes" stod det på det.

Det ga meg to assosiasjonar:

Den første er at "Vi har ikkje klart det enno"

Den andre var litt meir positiv: "Det er den første eg har sett etter hovudopptaket i år."

Eg skulle gjerne ha sett at vi hadde full barnehagedekning, slik at ingen måtte setje opp slike oppslag. Mangel på barnehageplass skaper ein usikker situasjon for heile familien. Det handlar ikkje berre om ein barnehageplass, det handlar også om kor vidt foreldra kan gå tilbake i full jobb etter permisjonstida, noko som igjen påverkar planlegginga på deira arbeidsplassar.

Heldigvis har vi i Ullern tverrpolitisk semje om full barnehagedekning. Kultur- og oppvekstkomiteen har gjennom mange år jobba målbevisst for å nå dette målet, og administrasjonen har følgd opp vedtaka på ein svært god måte. Dermed har Ullern nå klart å auke barnehagedekkinga til 90 prosent, og har planlagt så mange nye barnehageplassar at vi kan nå full barnehagedekking i bydelen.

Dessverre rår korkje bydelsadministrasjon eller bydelspolitikarar over alle delar av prosessen. Nokre prosjekt har fått forlenga planprosess, ofte som følgje av naboklager. Dette er noko vi ofte ser i reguleringssaker: alle er for gode formål, men samtidig er alle redd for at det skal medføre ulempe for dei sjølve. Dermed får vi slike situasjonar som i Askeveien 7, der arbeida ikkje har kome i gang. Årsaka er at omregulering er klaga heilt inn for fylkesmannen, og før omregulering er stadfesta, kan ikkje barnehagen byggast.

Ein barnehage måtte starte opp med færre plassar enn planlagt, fordi bydelen ikkje fekk tilsett nok kvalifisert pedagogisk personell. Det er ei anna viktig side ved barnehageutbygginga: Vi vil at barnehagen skal gje eit god pedagogisk tilbod, ikkje berre vere ein stad å oppbevare barna. Dette er spesielt viktig nå som barnehagane vert større. Den gode arbeidsmarknaden er noko vi skal vere glade for, men det kan ha den sideeffekten at det er vanskeleg å få tak i dei gode fagfolka vi vil ha.

Dersom utbyggingane går som planlagt, kan Ullern kan få full barnehagedekning i løpet av eit års tid. Det er vi stolte av!

Full barnehagedekking er likevel ikkje det same som at jobben er gjort. Ullern er ein bydel som tilrekkjer seg barnefamiliar. Vi er van med at prognosane for talet på barn sprekk. Framover må vi arbeide for at alle barn som vert fødde i bydelen eller flyttar til Ullern før skolealder skal ha eit pedagogisk godt barnehagetilbod.



Anny Skarstein (Ap)

Leiar Kultur- og oppvekstkomiteen i Ullern

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere