RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Klimautfordringar og moglegheiter

Klimaendringane er den største utfordringa verda står overfor. Klimagassutsleppa i verda aukar og var i 2010 høgare enn nokon gong. Det blir ei av dei viktigaste og mest krevjande sakane for regjeringa framover.

I slutten av november er det eit nytt FN-toppmøte om klima i Durban, men alt tydar på at me etter nyttår står utan ei ny internasjonal klimaavtale. Sidan ei global avtale om reduksjon i klimagassutslipp ikkje er på plass, er det enda viktigare med ein offensiv, konkret plan for å redusere utsleppa. I 2012 skal me leggje fram ei klimamelding med ein plan for å redusere utsleppa i Noreg.

Ingen har illusjonar om at dette vert enkelt. Mange av klimatiltaka me bør gjennomføre ligg innan sektorar som samferdsel, jordbruk, bygningar og olje- og gass.

Det vil verte kostbart og politisk krevjande. Men Senterpartiet er oppteken av å sjå moglegheitene – denne omstillinga vil legge til rette for framtidsretta investeringar og teknologiutvikling. For Senterpartiet er det avgjerande at klimapolitikken ikkje verker sentraliserande eller øydeleggjande for næringslivet.

Noreg er eit rikt land. Me er og ein av verdas største energiprodusentar. Det gjer at har me eit særleg ansvar for å gå føre i å kutte klimagassutslipp. Ikkje minst kan me vere med å utvikle teknologi som kan bidra til å få utsleppa i verda ned. La meg minna om at det er i Noreg, med Senterpartiet ved roret, at me byggjer - eller har bygd verdas fyrste flytande havvindmølle, verdas største vindturbin, verdas fyrste saltkraftverk, verdas fyrste tidevasskraftverk og ikkje minst teknologisenteret på Mongstad. No er tida inne for å ta nye djerve skritt.

Det er å kaste blår i augo på folk å hevde at vi kan møte klimautfordringane utan at det får konsekvensar. I valet mellom klimavenleg energi og naturinngrep seier me tydelig at me vil ha fornybar energi. Me får ikkje vindkraft utan vindmøller, me får ikkje småkraft utan røyr i bekkar og me får ikkje fornybar kraft fram utan kraftliner. Senterpartiet tek klimatrusselen på alvor. Målet står fast om å føra Noreg frå det fossile til det fornybare energisamfunnet.

Liv Signe Navarsete

Leiar i Senterpartiet

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere