RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Miljøby eller søppelby?

Oslo treng nå ein Hald Oslo Rein-kampanje med flest moglege positive verkemidlar. Oslo kommune bør laga til ein konkurranse med premiering mellom bydelane og mellom skulane for å stimulera til innsats her. Dette vil vera ein måte å få det inn i sjel og tankegang på. Berre med kunnskap og haldningsendring hjå born, unge og folk flest kan me greia dette. Gjennom heile 2008 bør kommunen, bydelane, Oslo-skulen og - barnehagane gjennomføra dette. I tillegg må bystyret og alle bydelsutvala utarbeida ein handlingsplan for å gjera Oslo til ein varig reinare by.
Det er lenge sidan byen har sett så ille ut som nå. I fylgje Aften den 3. mai flyt Frognerparken av søppel. Dagen derpå, skreiv Aftenposten 14.mai etter russesamling på Tryvann. Folk slepper søpla rett ned der dei står og går. Ved sjølvsyn er det berre å registrera at det langs gater og fortau mange stader er ein ren svinesti.
Det må nytenking til når det gjeld opprydding i Oslo. Meir pengar frå Friluftsetaten til søppelhandtering vil åleine aldri kunna løysa problemet. Sjølvsagt må det vera nok søppelkassar med tilfredsstillande tømming, Ruskendagar, Miljøfyrtårn og bortjaging av Bygriser med meir synlege kampanjeplakatar. Men dette er ikkje nok. Me må alle gjera noko med eigna haldningar og eigen innsats. Me må alle ta eit felles ansvar her for å få ein trivelegare by.
I 1970-åra hadde me ein Hald Norge Rein-kampanje. Denne vart driven i statleg regi med oppfylging lokalt. Ordet "miljøsvin" såg dagens lys. Ungane på skulen fekk grundig opplæring. Dei lærde seg til å sjå kva dei kunne gjera med forsøplinga samstundes som dei oppdrog foreldre og andre vaksne. Her fekk også dei vaksne klare beskjedar om å rydda opp etter seg.
Dersom Oslo skal profilerast som Nordens miljøhovudstad, er eit reint og ryddig bymiljø 1. bod i denne profileringa. Oslo Senterparti meiner at dette må me alle, store og små, vera med på å få til!Unn Aarrestad,
Oslo Senterparti

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere