RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Miljøby eller søppelby?

Oslo treng nå ein Hald Oslo Rein-kampanje med flest moglege positive verkemidlar.

Oslo kommune bør laga til ein konkurranse med premiering mellom bydelane og mellom skulane for å stimulera til innsats her.

Dette vil vera ein måte å få det inn i sjel og tankegang på. Berre med kunnskap og haldningsendring hjå born, unge og folk flest kan me greia dette. Gjennom heile 2008 bør kommunen, bydelane, Oslo-skulen og - barnehagane gjennomføra dette.

I tillegg vil Senterpartiet at bystyret og alle bydelsutvala skal utarbeida ein handlingsplan for å gjera Oslo til ein varig reinare by.

Det er lenge sidan byen har sett så ille ut som nå. I fylgje Aften den 3. mai flyt Frognerparken av søppel. Dagen derpå, skriv Aftenposten 14.mai etter russesamling på Tryvann. Folk slepper søpla rett ned der dei står og går. Ved sjølvsyn er det berre å registrera at det langs gater og fortau mange stader er ein ren svinesti. Det må nytenking til når det gjeld opprydding i Oslo. Meir pengar frå Friluftsetaten til søppelhandtering vil åleine aldri kunna løysa problemet. Sjølvsagt må det vera nok søppelkassar med tilfredsstillande tømming, Ruskendagar, Miljøfyrtårn og bortjaging av Bygriser med meir synlege kampanjeplakatar. Men dette er ikkje nok. Me må alle gjera noko med eigna haldningar og eigen innsats. Me må alle ta eit felles ansvar her.

I 1970-åra hadde me ein Hald Norge Rein-kampanje. Denne vart driven i statleg regi med oppfylging lokalt. Ordet "miljøsvin" såg dagens lys. Ungane på skulen fekk grundig opplæring. Eg hadde sjølv fire i grunnskulen på den tida. Dei lærde seg til å sjå kva dei kunne gjera med det samstundes med at dei var med på å oppdra foreldre og andre vaksne. Her fekk også dei vaksne klare beskjedar om korleis det skulle vera.

Dersom Oslo skal profilerast som Nordens miljøhovudstad, er eit reint og ryddig bymiljø 1. bod i denne profileringa. Oslo Senterparti meiner at dette kan alle, store og små vera med på å få til!

Unn Aarrestad

1.kandidat til bydelsvalet i Søndre Nordstrand

for Oslo Senterparti

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere