RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

No er det to av dei


IKKJE NOKO RART: Medna Israilova har røter i Tsjetsjenia. Ayaan Hersi har sine i Somalia. – Men Stryn er heime, seier dei.
IKKJE NOKO RART: Medna Israilova har røter i Tsjetsjenia. Ayaan Hersi har sine i Somalia. – Men Stryn er heime, seier dei. Foto: Foto: Cathrine Brynildsen
Medna Israilova og Ayaan Hersi er dei to eineste elevane i Oslo som bruker nynorsk som lærespråk. Og dei valgte det sjølv - uten annan grunn enn at dei hadde lyst.

MORTENSRUD: – Kj-lyden er vanskeleg på bokmål. På nynorsk blir det meir trøkk. Sånn: TSJ! Tsjole. Tsjøtt. Tsjino.

Medna Istrailova demonstrerar strynemålet med innleving. 16-åringen er oppvaksen i bygda på vestlandet, og var lenge den eineste eleven i Osloskulen med nynorsk som hovudmål.

No har ho fått selskap på Lofsrud skule, av ein tidlegare nabo - frå Somalia.

Sjå videoklipp med dei to elevane her:

Held på barnemålet

– Det hender at det er vanskeleg for folk på skulen å forstå kva eg seier. Då blandar eg inn litt bokmål. Men det er viktig for meg å halde på det eg er van med, seier Ayaan Hersi.

Medna slår ikkje over i det heile, sjøl om ho óg er omringa av bokmål på alle kantar.

– Vi flytta til Oslo då eg skulle begynne på ungdomsskulen, så eg hadde prata nynorsk lenge allereide. Det ville ikkje ha vore naturleg å bytte då, seier ho.

Les óg: Ny salmebok med songar på samisk

Berre fordelar

Dei to meiner det ikkje er nokon ulempe å prate nynorsk i ei bokmålby.

– Venene mine seier eg er heldig som kan det. Særleg når vi har skriveøkter på skulen, ler Ayaan.

Og det sjølv om ho må skrive bokmål når dei andre skriv nynorsk - og omvendt.

– Bokmål er lett, seier Medna og trekker på skuldrene.

– Det er fleire regler på nynorsk...

– Men vanskeleg er det ikkje, skyt Ayaan inn.

Les óg: Røa-mødre med ljos plate

Arvar kvarandres bøker

Rektor Bitten Koch er glad for at jentene er stolte av språket sitt.

– Det er ikkje alle som kjem frå nynorsktalande område som tek eit slikt val. Det at desse er fyrste generasjons innvandrarar gjer det heile enno litt meir artig, seier ho.

Lofsrud skole har drygt 400 elever. Å skulle skaffe ekstra læremateriell for to elever høyres ut som eit irritasjonsmoment av dei sjeldne.

– Nei da. Det er jo berre ei bok per fag. Ayaan arver bøkene når Medna er ferdig med dei, smiler rektoren.
 

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere