RING: 02060 E-POST: 02060@nettavisen.no
Ønsker du å sende video eller andre dokumenter? Benytt 02060@nettavisen.no
Kontakt oss

Oslo sentrum by night

Det er ikkje lenger koseleg å gå i sentrum av Oslo seinkveld og nattetider. Nå har fyll, bråk og vold teke overhand mange stader. Fylla i sentrumsgatene er ei skam for byen, og farleg for dei som oppheld seg der. Kanskje aller verst er det i drosjekøane.

Kva er det som skjer, og kva gjer sentrum i Oslo meir utriveleg enn andre storbyar me kan samanlikna oss med?

I vinter har det vore fokusert på alkohol i høve til vold i media. - Eg har ikkje vore borti voldsepisodar i Oslo der utøvaren har vore edru, sa ein politimann til TV2 i desember.

Det er lett å ropa på meir politi i gatene, men dette åleine er ikkje nok. Alkoholbruken har auka, særleg blant dei unge. Dette er ein fylgje av liberalisering og frigjering. Men fridom føreset ansvar. Dei som trudde at «frigjorte» nordmenn ville velja middelhavslanda sin alkoholkultur, må snart sjå at dei har vore naive.

Senterpartiet går derfor inn for å endra alkohollova i programforslaget sitt slik at kommunane ikkje lenger kan la utestadene vera opne lenger enn til klokka to om natta. Så får ein tola den innskrenkinga det er i kommunal sjølvråderett som fylgjer med på lasset. For trivsel, liv og helse er det likevel viktig at slik lovendring kjem. Tilhengarane av prinsippet om kommunal råderett må innsjå fylgjene av frisleppet. Det er på tide med ein edrueleg reform.

Ein alkoholpolitisk handlingsplan bør også takast opp og diskuterast årleg i Bystyret. Der bør ein drøfta skjenketider og -løyve i høve til alder og skjenking av rusa personar. I denne samanhengen kan det vera viktig å innføra strengare kontroll av skjenkestader og hardare reaksjonar ved brot på skjenkebestemmelsar og alkohollova. Samanhengen mellom skjenkeløyve og utøving av dette må sjåast i samanheng med eventuell auke i voldsepisodar. Det er nok liten tvil om at ein del av dei som kjem ut i gatene ved stengetid har fått for mykje å drikka før dei gjekk ut.

Politi og forskarar er heilt samde om at eit av dei viktigaste tiltaka mot ukulturen er reduserte skjenketider. Dette syner også att i byar der opningstidene er innskrenka. Politimeistrane i dei fire største byane, Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, ba i 2007 ordførarane sine om å sørgja for redusert skjenketid på grunn av vold og uro. Tre av byane fylgde dette, men ikkje Oslo. Nå syner også forskingsresultat at tidlegare skjenkestopp vil gi mindre vold i sentrum. Dette burde fleirtalet i Oslo bystyre ha sett. Derfor er det nå nødvendig med slike innstrammingar til alles beste.

Unn Aarrestad

Oslo Sp

Mest sett siste uken

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere