«Skuld-på-kvarandre-politikk i Oslo»

 

 

Så har me igjen fått eit døme på at styresmaktene på ulike nivå i Oslo skuldar på kvarandre. Denne gongen galdt det 96-årige Gudrun Kvam som ikkje var dårleg nok til å få sjukeheimsplass etter fall og brekt hoftebein. Kven skulle ha ansvaret for å hjelpa henne?

Del på Facebook

Bystyret har ansvaret for eldreomsorga. Bydelene, ved bydelsutvalet, administrerer sjukeheimane. Søknad om plass vert avgjort av bydelen. Klage på avslag vert sendt til bydelen som sender den direkte til Fylkesmannen. Bystyret, som sit med ansvaret, ser ingen klager.

Nordstrand Blad informerte den 9. juni sine lesarar i «Slik styres Oslo» om kva som er bydelsutvalet sitt ansvar. Heimehjelp og sosialhjelp er med i opplistinga. Når bystyret sine leiarar vert angrepne for svikt i eldreomsorga, svarar dei at det er det bydelane som er skuld i, der dei raudgrøne styrer 10 av 15 bydelar.

Dette blir berre trist og leitt. Det er ingen tvil om at det er partia med fleirtal i bystyret, H, FrP, Krf og V, som har ansvaret. Dei kan delegera oppgåvene med å driva sjukeheimar, men kan ikkje koma bort frå det politiske ansvaret.

Ved valet nå skal veljarane kunna stilla personar og parti til ansvar for det dei har lova. Då må dei også vita kven som sit med ansvaret. Her vil Senterpartiet ha auka ansvar og makt til bydelane der også pengar må fylgja med. Det er bydelsutvala, som sit nærast der folk bur og lever. Nå er det viktig å snu sentraliseringa av makt og oppgåver frå sentraladministrasjonen, byrådet og bystyret til bydelsutvala og dei folkevalde organa i bydelane.

Unn Aarrestad,
1. kandidat til bydelsutvalget i Søndre Nordstrand (Sp) og tidlegare stortingsrepresentant.

LES ALT OM VALGET 2011 I OSLO HER

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.