(Avisa Nordhordland)

Årsaka er at elbilandelen byrjar å verta høg. Snart er kvar femte bil som køyrer gjennom bomringen ein elbil.

Dermed vil ein ta betalt, 20 kroner i rushet og ti kroner resten av døgnet. Også i Nordhordland ser ein for seg å ta betalt i bomringen, det stadfesta Meland-ordførar Øyvind Oddekalv overfor avisa Nordhordland.

– Det er ikkje unaturleg at det skjer noko liknande i Nordhordlandspakken, sa han på måndag. Han stadfesta at tematikken hadde vore oppe i kontaktutvalet, utan at noko formelt hadde vore gjort.

Meland er den store elbil-kommunen i Nordhordland, ved årsskiftet var ein av ti bilar i Meland ein elbil. Det førde Meland opp på ellevteplass over elbilkommunar i landet.

Delte meiningar

Avisa Nordhordland brukte ein føremiddag på Frekhaug for å høyra med elbileigarar om kva dei meiner om å betala når dei køyrer gjennom bomringen. Ikkje overraskande er meiningane svært delte.

– Eg synst det er ganske dumt at me må betala, men no skal me selja bilen. Litt på grunn av det som skjer no, eg meiner det ikkje er vits å ha elbil lenger, seier Elin Walde Gundersen til avisa Nordhordland.

 

Ho har vore elbileigar i tre år og har vore godt nøgd med det.

– Den går bra og det er billig køyring. Det kan vera me hadde vurdert ny elbil om det ikkje var for avgiftene, seier ho. Dei kjøpte bilen i utgangspunktet for at mannen hennar pendla til Bergen dagleg. Men no vert det ingen ny bil på dei, no kjem dei til å klara seg med ein bil.

Heller ikkje Jeanette Vikebø Fosse er kjempeglad for å måtte betala bompengar.

– Det tykkjer eg er dumt. Eg har jo vald elbil grunna dei fordelane det har for både miljøet og pengane, seier ho.

Saka held fram under bildet

 

Ho seier ho har ein dieselbil i tillegg.

– For me vart jo anbefalt å kjøpa det i si tid, men dei vert jo berre dyrare og dyrare, seier ho. Elbileigar har ho vore det siste året. Men ho innrømmer at ho er einig med dei som seier at elbilar og slit på asfalt og treng vegane.

– Eg skjønar jo det må kosta litt for oss og, seier ho.

 

I Nordhordland var det ved årsskiftet 19 800 bilar, av dei var 1118 elektriske. Både Gulen og Fedje har mindre enn ein prosent elbilar, medan det i Meland altså er ti gonger så mange. Totalt i Noreg var det ved årsskiftet 139 000 elbilar, noko som utgjer fem prosent av bilparken.

– Brukar vegen som alle andre

Blant dei som var tidleg ute med å skifta over til elbil var Siren Walle og mannen. Dei jobba i Bergen og måtte betala dyrt for bensin og bompengar. Ho synest det er greitt at elbileigarar og må betala.

– Me brukar jo vegen som alle andre, men sidan elbilar ikkje forureinar bør dei ikkje betala like mykje, seier ho.

Saka held fram under bildet

Tom Inge Karlsen har to elbilar som han kjøpte i forkant, for å få med seg nokon av goda.

– Det var vel berre eit spørsmål om kor tid dette vart innført, seier han og peikar på at elbileigarar brukar vegane på same viset som fossilbileigarar.

– Men eg håpar at ein beheld nokon av goda så lenge som mogleg, seier han.

Flaut å ikkje betala

Elisa Bergersen meinar på si side det er meir enn greitt at elbilar må betala.

– Det vert ei flau sak om me ikkje skal vera med og betala. Me må vera ein del av fellesskapet me og, seier ho og peikar på at elbileigarar sparar pengar på utgifter til bensin og diesel.

 

Ho meiner heller ikkje at elbilar bør få rabatt i bomringane.

– Tenk om du er Tesla-eigar så skal du få rabatt? Det hadde eg synst var flaut, seier ho og ler.

Saka held fram under bildet

Medan avisa Nordhordland står og leitar etter elbileigarar på Frekhaug kjem det ein stor amerikansk pick up inn på parkeringsplassen utanfor Kiwi, den sig roleg inn, stoppar og ryggar seg inn på ein plass. På parkeringsplassen ved elbilladarane. Sjåføren i den bilen er veldig tydeleg på kva han meiner om elbilar og bompengar.

– Da e heilt flott!, seier Karl Dale og viser til at elbilar slit like mykje på vegane som andre. Han seier at det vert korkje mindre trykk på vegane eller mindre asfaltstøv berre for ein køyrer elbil.

– På vegen må dei betala på lik linje med alle andre, meiner han. Dale seier at elbilar bør ha alle dei same avgiftene som andre. Men på eit punkt meiner han dei skal sleppa, det er når det kjem til avgifter i samband med kjøp.

– Dei bidreg i forhold til miljøet, så dei skal sleppa det, seier han.

Saka held fram under bildet