(Hardanger Folkeblad)

Det seier beredskapsleiar i Ullensvang kommune, Stig Hope, til Hardanger Folkeblad.

– Når dei har vore der oppe, veit me nok litt meir.

Det var rundt klokka 7 torsdag morgon at Vest politidistrikt melde at det var gått eit ras frå Tveitanuten i Tyssedal. Steinar skal ha treft garasjar på Tveitahaugen, men det er ikkje meld om nokon personskadar. Hope stadfester at eigedomar på Tveitahaugen skal vere trefte.

Beredskapsleiaren fortel til Hardanger Folkeblad at også deler av anlegget til fabrikken Eramet like nedanfor skal vere treft av steinspranget.

Bildeserie

Sjå bileta frå raset og øydeleggingane

– Brann og politi og nokon frå kommunen er på staden, og eg er på veg innover sjølv. Me skal ta ei samla vurdering der inne, seier Hope.

Morten Fosse, politioverbetjent ved Hardanger politistasjon, seier at bebuarar på Tveitahaugen vert evakuerte.

– Dei får tilbod om å reise ned på Tyssedal hotell, seier Stig Hope, som legg til at dei vil få meir informasjon etter at geolog har vore oppe og sett på området raset har gått frå.

Otto Monsen, busett på Eitrheim, fekk tatt eit bilete av rasstøvet heime frå terrassen like over klokka 6 torsdag morgon.

– Eg høyrde det ikkje, men såg det frå vindauge. Eg gjekk ut og tok eit bilete. Eg snakka med ei dame som kom frå Fureflot på Eitrheim, og dei hadde høyrd buldring svært godt, fortel Monsen, og held fram:

– Kona og eg var på tur til Lilletopp i går kveld, rundt klokka 18, og då høyrde me at det raste. Då var det lite. Me såg ikkje noko, men høyrde det.