Det er heilt på tryne å skylde på oss kvinner for å velje jobbar med dårleg løn. Det er ikkje veldig smart å skrive sånt no som vi går inn i ei tid der vi treng fleire hender i eldreomsorgen. Det er på tide at lønna og status på dei yrka blir auka so ungdomen vil inni dei.

Dette er saken: Hvem har ansvaret når kvinner velger yrker som alltid har vært dårlig betalt?

Det å jobbe med dei eldre er faktisk veldig gjevande og kjekt. Ja, til tider hektisk og ein skulle ynskje at det var fleire på jobb. Det å jobbe i helsesektoren trur eg faktisk er ein av dei viktigaste jobbane vi har, og samtidig er fleire av dei dårlegaste betalte jobbane i den samme sektoren. So viss alle skal ta høgskule- og universitetsutdanning, kven skal då gjere dei jobbane som er lavtlønte og lavstatus?