Haandbryggeriet har stadig vore på flytting dei siste åra og er no i sitt tredje lokale, men enkelte øl har vore med på flyttingane. Eit av desse er Bestefar, som først vart brygga i 2010.

På farge er den mørk som ei julenatt, og i nasa er det malt som har hovudrolla, medan sjokolade og lær kjem snikande. At dei kjem i denne rekkefølga kan nok delvis komme av at eg serverer meg sjølv denne øla litt vel kald. Etter kvart som eg varmer den i hendene kjem det og til mørke deilige (forbodne?) frukter.

Smaken gjev det lukta lovar. I tillegg får eg noko som minnar om røykmalt, men som eg antek er frå den mørke og lett brente malten i oppskrifta.

Ettersmaken vert dominert av bitter sjokolade og gjer at eg ikkje har det travelt med å ta neste sup. Noko som kan vere like greit når ølet er så sterkt som dette.

Haandbryggeriet, Bestefar

Vinmonopolet
Flaske 0,33 l
NOK 62,-
ABV: 9,0%
IBU: -
Varenummer:
6842202