*Nettavisen* Livsstil.

Sammy Myklebust

Ein gamling frå nord

Ukens anbefalte øl:

Harstad Jul

Eg tilstår det utan å blunke. Dette bryggeriet veit eg mindre om enn eg burde, men eg veit i det minste at dei har et særs godt juleøl i utvalet sitt.

Enkelte øl hugsar ein godt kvar ein smaka fyrste gong. «Jul» frå Harstad Bryggeri er ei av desse.

Oppsettet var så lite sexy som det kan bli. Ein garasje rigga for varemesse. Vinmonopolet si varemesse for å presentera nye produkt. Eit par ølskribentar rusla saman rundt og hadde smaka litt for mange øl som var litt for like.

Vi fekk litt i glaset frå Harstad, men stoppa ikkje opp for å snakke med dei som serverte. Medan vi rusla vidara smaka vi på ølet og då stoppa vi brått.

Dette var nokre hakk over snittet. Etter det har dette ølet vore med meg på ein god del juleølsmakingar, og det blir handla inn nokre flasker til eige bruk kvart år.

Bryggeriet kallar dette ein «old ale». Den er både mørkare og kraftigare enn mykje anna «old ale». Dette vert forklara med «fornavnet», som er «skotsk». Skottane har for vane å gjer ting litt kraftigare enn resten av britane.

I glaset er ølet mørkt, med et tydelig rødskjær, toppa av eit fint lysebrunt skum.

Mørk, fyldig sjokolade dominerar i det dufta treff nasa, men ein skal ikkje leite mykje bak denne før ein finn malt, brødskorpe og skogbotn. Smaken er rund og fyldig.

Sjokoladen er der framleis, men den får no følge av dadlar, malt og ikkje minst ein behageleg humlebitterheit, som og gjer at ølet kan passe til kraftig julemat.

Ettersmaken føles tørr og fin, på grunn av den godt tilpassa humlemengda.

Anbefaler 8 -12 grader ved servering.

Harstad Bryggeri, Jul
Vinmonopolet
Flaske 0,33 l
NOK 54,90
ABV: 6,7%
IBU: -
Varenummer:10484802

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag