*Nettavisen* Livsstil.

Sammy Myklebust

Eit øl for ein solid vinter

Ukens anbefalte øl

Fimbul øl i glass og flaske

Ølet «Fimbul» fra bryggeriet Ægir kan kjøpes på Vinmonopolet.

Dette vert neppe ein Fimbulvinter, men det er ingen grunn til å ta sjansar.

Langt inne i Sognefjorden ligg Aurlandsfjorden.

Langt inne i Aurlandsfjorden ligg Flåm.
I Flåm ligg Flåmsbrygga Hotell.
Eit underbruk av Flåmsbrygga Hotell er Ægir Bryggeri.
Sjefen på Ægir Bryggeri er ein amerikanar som lagar godt øl og diggar nynorsk.
Difor er all tekst på flaskene på Aasen sitt mål og navna er i all hovudsak henta fra norrøn mytologi.

Det har vore kviskra om at Ægir har vortne litt kjedelige dei siste åra, men om det i det heile tatt har vore noko i dette er det i alle fall historie, for no kjem det stadig spanande ting frå Flåm.

Eit av dei nye øla i år er «Fimbul». Fimbul er i mytologien den lange vinteren før Ragnarokk (verdas undergang). Eg trur neppe eit so godt vil øl vara heile Fimbulvinterne, men om det gjer det kan ein gå undergangen i møte med eit smil om munnen.

Klikk på bildet for å forstørre. Ægir Fimbul flaske og glass med øl

Sjefen på Ægir Bryggeri er ein amerikanar som lagar godt øl og diggar nynorsk.

Ølet har ein vakker kopparfarge, som vert toppa av eit sokalla av-kvitt skum (eng: off-white).
Ei herleg duft av karamell, ved, skogsbotn og tørka blomar treff nasa.
I munnen føles ølet som noko av det fyldigaste eg kan hugsa å ha drukke. Karakteren frå fatlagringa er heilhjarta til stades, uten å ta over heile showet. Den gjev eit syrleg eikepreg som kler ølet god og går i ein flott symbiose med karamell, mørke frukter, honning. Mot slutten går det syrlege over mot ei læraktig bitterheit, som blandar seg behageleg med restane av hovudsmakane.

Ægir, Fimbul

Vinmonopolet
Flaske 0,33 l
NOK 84,90
ABV: 11,5%
IBU: -
Varenummer: 11299702

Dette er ei øl for den stille stunda etter at ungane er lagt, eller gjestene er jaga heim. Passar godt til pepparkaker og blåmuggost.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag