*Nettavisen* Livsstil.

Sammy Myklebust

Fire gonger jul

Ukens anbefalte øl:

Julequad

Foto: Sammy Myklebust

Når storavisene gjev eit juleøl toppkarakter forsvinn det som regel raskt frå hyllene. Dette skjer og i år, så no må du hiva på deg kloggene og komma deg til næraste polutsal, om du vil ha tak i ølet eg omtalar denne veka.

Riksavisene sine juleøltestar har alltid påverka salet direkte og brutalt. Får eit øl toppkarakter er det som vekke frå hyllene på Vinmonopolet før vi skriv desember.

Dette skjer og i år.

2016-årgangen

Eg seier velkommen etter til VG sitt testpanel, for dette er eit øl vi nerdar og kjennarar har sett pris på sidan det kom i 2016. Det er og 2016-årgongen som har blitt testa av VG, og no er den betre enn nokon gong. Dermed er 6 på terningen og 97 poeng totalt svært fortent.

Dette er eit øl som i alle fall ikkje vert dårlegare av lagring. Kjøp gjerne nokre flasker meir enn du trur går med i jula, og gøym dei innerst i kjellarbua.

Namnet «Julequad» er eit ordspel på songstilen «julekvad» og ølstilen «belgisk quadrupel». Ein stil der det er typerett å brygge over 8 prosent ABV og med ein mørk farge. Ølet skal ha ein solid sødme og humla skal ikkje spele den store rolla smaksmessig.

Senker skuldrene

Det er og vanleg å tilsette sukker. Nøgne Ø har her vald muskovadosukker. Dette står svært godt til ølet som totalt sett har ein fin og rund aroma av dadlar, kandis, jord og eit hint av lær.

Når ølet treff tunga og ganen får dette følge av ein deilig sødme, som gjev ei totaloppleving som senker skuldrene og gir rom for fred i sjela.

Då kan jul vere jul så mykje det vil til ein er ferdig med det ein har i glaset.

Anbefaler 12-15 grader ved servering.

Nøgne Ø, Julequad
Vinmonopolet
Flaske 0,5 l
NOK 82,90
ABV: 10,0%
IBU: 25
Varenummer: 6567902

Her det berre å komme seg i vei og handla til jul, for dette held neppe særleg langt ut i desember.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag