*Nettavisen* Livsstil.

Sammy Myklebust

Gamle Svarten

Ukens anbefaling:

gamle svarten

Munngodt fra Kinn. Foto: Sammy Myklebust

I 2018 vann heimebryggjaren Atle Beten prisen for beste øl ved Stranda Porter & Stout festival. Ein del av premien var å få brygga vinnarølet på Kinn. Slik vart Gamle Svarten tilgjengeleg for oss alle.

Ølet er brygga med pale malt, crystal malt, chocolate malt, black malt og roasted barley. Dette gjev ein rund og fin imperial stout med ein solid kropp og med duft og smak av kaffe, lakris, melasse og mørke bær.

Dette er godt balansert mot dei tradisjonelle engelske humlene Northern Brewer, East Kent Goldings og Fuggles. Gjæren som er brukt er den same som på svært mange av Kinn sine øl: Wyeast London Ale III.

Eit øl for peiskosen eller til ein litt sein fotballkamp.

Streng tatt skulle denne anbefalinga komme før, for dette er eit øl som er brygga ein gong, og som neppe vert brygga igjen. Det ein på nynorsk kallar en «one off».

Ølet er likevel så godt at eg meiner det er verd ein omtale og det som er igjen er godt spreidd på polutsal over heile landet.

Kinn, Gamle Svarten

Vinmonopolet, bestillingsutval
Flaske 0,75 l
ABV 9,0%
NOK 129,90
11150801

Klikk på bildet for å forstørre. Gamle Svarten.

Gamle Svarten. Foto: Sammy Myklebust

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag