*Nettavisen* Livsstil.

Sammy Myklebust

Juice til jul

Ukens anbefaling:

Julejuice

Juleøl er så mangt. Denne veka anbefalar eg ein ølstil få ser for seg i samanheng med jul.

Forrige veke anbefala eg eit øl som eg meinar ein gjerne kan lagre ei stund. Denne veka går eg andre vegen og anbefalar eit øl som bør drikkast temmeleg raskt. Gjerne ei stund før jul.

Les også: 248 Juleøl på polet i år

Marius Graff er gutlarven som i 2012 satte heile Heimebryggar-Noreg på plass ved å vinne NM i heimebrygging. Han var då 17 år.

I 2015 gjorde han hobbyen til yrke, og i dag er han ein av heller få norske bryggarar som har tilferdsstillande kontroll på ølstilen vi gjerne kallar NEIPA (New England India Pale Ale), og amerikanarane gjerne kallar DDH (Double Dry Hopped).

Ei ølstil der ein gjerne beskriv smaken som «juicy» og der tida jobbar mot den friske, fruktige humlesmaken.

«Julejuice» er eit slikt øl. Det er proppfullt av humlene Simcoe, CTZ, Chinook og Mosaic.

Les også: Flytende juleforberedelser

Noko som gjev eit øl som ser meir ut som mangojuice enn IPA - og gjev lukt av sitrus og mango. Smaken kan først og fremst beskrivast som frisk. Frisk i form av mandarin og mango, men her kan det nok komme fram litt andre variantar om ølet vert servert med ein annen temperatur.

I ettersmaken finn eg appelsin og eit hint av honning, før ein rund fin humlebitterhet tek over.

Eit øl som eignar seg betre til pakking av julegåver og pynting av tre enn som følge til mat.

Graff, Julejuice Dobbelt IPA
Vinmonopolet
Flaske 0,33 l
NOK 72,90
AVB: 7,5%
Varenummer: 10491902

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.

Annonsebilag