Gå til sidens hovedinnhold

Kveldsøl for deg og meg

Ukens øl:

Dagane blir meir varierte og då vert det og vanskelegare å finne ei kveldsøl som passar. Men fortvil ikkje, hjelpa finn du her.

Grisen står og hyler
i den stille kveld.
Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel

Og det er ikkje så rart når ein ser korleis dette året har starta. Om ein strekkjer begrepet litt kan ein lett kalla det eit uår. Når det i tillegg til alt det andre er 15 grader, og

Månen - absolutt ikkje - står og lyser,
rund og feit og kvit.

Men det vesle som finnes av den er solid gøymd bak skyer, som gjev oss meir enn nok regn, er det på tide å sjekka om Kinn Uår kan vera ei lita trøst i kvardagen.

KINN, Uår

Strågul og disig i glaset, med eit solid kvitt skum. Med andre ord heilt typerett for ein ufiltrert saison, som også skal ha noko meir kolsyra enn det vi finn i standard pils.

Lukter av gras, tørka blomar og mildt krydder flyt lett saman og gjer det vanskelig å skilja dei frå kvarandre. Men gjer det noko, når det er heilskapen i lukt og smak vi er ute etter?

Smaken føl i dei samme spora som lukta og gjer det med ei mild framtoning som omtrent åleina forklarar avstamminga fra slåtteøl i Belgia. Eg finn og ein mild sødme som spelar fint på lag med resten av ølet, og som blir sittande igjen saman med etterdønningar av korn.

Dette ølet har raskt blitt ein av mine favorittar, og passar like godt åleine som til fisk eller lett grilmat.

Nasjonalitet: Norsk
Tilgjengeleg: Vinmonopolet, 11999001
ABV: 6,0 %
Volum: 0,75 l
Pris: 96,00
Literpris: 128,00

Fir' og tjue kråker
sit på ei madrass
Endå ei vil sitje
men det er ikkje plass

Men det var plass til denne og resten av flokken på den neste flaska eg skal opne.

Fiskane i havet,
søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet
har eg aldri møtt

Men eg har møtt «Deus ex nihilo», som tyder noko slikt som «guden av ingenting», og i tillegg til eit solid øl er ein underfundig kommentar til alle desse stoutane oppkalt etter gudar og demonar.

DE TVENDE, Deus ex nihilo, imperial coffee stout

Svart som olje og heilt utan skum.

Lukter av søt sjokolade, kald kaffe, lakris og alkohol, den er tross alt 13,5 prosent.
I munnen er den rund og behageleg. Rein fløyel. Smakene smeltar saman i eit større fellesskap, men eg klarer å skilja ut kaffe, sjokolade, litt ler og mørke ber. Ettersmaken dreier seg i hovudsak rundt dei nemnde bera - godt blanda med sjokolade.

Eg hadde strengt tatt forventa meir kaffe, men at den ikkje er her gjer absolutt ingenting når ølet er så balansert og godt.

Eit øl som passar godt som, eller til, dessert eller bare som kveldskos både sommar og vinter.

Mens grisen står og hyler - om at desse varene er utselde
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit

Og eg fortel deg at ny batch med Uår er på veg ut på pol og utestader, og at guden for ingenting kan tingast frå polet sentralt, om du ikkje finn han lokalt.

Nasjonalitet: Norsk
Tilgjengeleg: Vinmonopolet, 11521302
ABV: 13,5 %
Volum: 0,33 l
Pris: 109,90
Literpris: 333,03

Delar av teksten er «lånt» frå Ragnar Hovland sin «Kveldssong for deg og meg».

Les mer

99 råd og fakta for bilferie på Vestlandet

Les mer

De 10 beste ølene til disse 17. mai-herlighetene

Les mer

Nøgne Ø Imperial Stout

Reklame

Har vært utsolgt i 14 år: Nå er den endelig på lager igjen

Kommentarer til denne saken