Håndbrygga øl må ikkje vera fullpakka med humle og eksotiske frukter, lagra på gamle kvitvinsfat eller prøve å etterlikne en sær matrett du knapt har høyrd om. Det kan og vera noko så enkelt som ei kellerpils.
Kellerpils er et norsk navn på ølstilen kellerbier, også kalla zwickelbier eller landbier.
Dette er litt forenkla forklart ein lys lager (pils i Noreg) med litt meir malt, litt mindre filtrering og svært mykje meir smak.
Her snakkar vi kos på flaske eller boks, utan at det på noko sett fornærmar innbarka pilsdrikkarar.
Ægir, Flåmstanga
Ølet er lys og lett å sjå til, med kvitt skum som toppar det heile vakkert. Den ser rett og slett ut som ei pils.
Lukt av malt, tørrhøy (gode sommarminner), brødskorpe og never. Mykje meir lukt enn frå desse standardiserte masseproduserte øla.
Rund og behageleg smak, med god fylde. Smak av malt, brødskorpe, halvferske bollar og pæreskal mot slutten, som går over til eit svært behageleg, lette bittert, minne om øla som nettopp har vandra ned svelget.
Ei øl som formeleg skrik etter godt matfylje.
Gjerne lyst kjøt, som svin eller kylling, men det er rikeleg nok pondus til ei steik eller ein god biff om det passar deg betre.
Nasjonalitet: Norsk
Tilgjengeleg: Gode daglegvarebutikkar (mi var frå bryggeriutsalet i Flåm)
Volum: 0,33l
Pris: ca. 38,90 (Meny)
Literpris: 117,90

Et helt rått øl

Kveldsøl for deg og meg

Tid for Gjemmekontor
