*Nettavisen* Livsstil.

Sammy Myklebust

Min favoritt blant juleøl

Ukens anbefaling:

Kinn Solsnu

Kinn Solsnu. Foto: Privat

Det er sesong for å anbefale juleøl og eg startar på toppen.

Fram mot jul kjem eg til å anbefale juleøl. Eit kvar veke. For å komme godt i gong, og for å sikre at anbefalinga kjem før ølet er utseld, byrjar eg med ein av mine favorittar. Ein sopass solid favoritt at då gjengen bak boka «Norges 100 beste øl» i 2018 ba meg liste mine 10 favorittar var det denne som kom på topp.

Kinn Solsnu har eit namn som burde vera sjølvforklarande, men for å vere på den sikre sida: Solsnu er det andre kallar «solverv». Tidspunktet då sola endrar seg frå å gå ned tidlegare og tidlegare og i standen byrjar å gå ned seinare og seinare. Eller motsett ved sommarsolverv.



Klikk på bildet for å forstørre. Solsnu, klippfisk og fotball. Ein glimrande kombinasjon.

Solsnu, klippfisk og fotball. Ein glimrande kombinasjon. Foto: Privat

Solsnu er like mykje eit sesongøl som eit juleøl, men det blir sleppt kvart år saman med juløla og passar soleis godt inn som juleølanbefaling.

Då Espen Lothe laga oppskrifta til ølet hadde han fiskemiddagar fremst i tankane, men hovudet på den karen er ikkje trongare enn at det og var plass til ein liten tanke om at ølet skulle passe greit til kalkun og.

I tillegg veit eg om ein del som likar Solsnu godt til svineribbe, og eg kan love at det står godt på eigne føter og.

Stilmessig er Solsnu ein «Biére de Garde». Det som ofte vert oversett til norsk som «fransk gårdsøl», men som ein meir direkte kan oversette til «øl for lagring». Det er med andre ord eit øl som ikkje er laga for at det skal drikkast veldig ferskt.

Noko av det eg likar best med dette ølet er den gode balansen mellom søtt og bittert. Men før ein kjem så langt at ein kan sitte og kjenne på dette i ettersmaken har tunge og gane leika med malt, frukt, honning, krydder frå gjæren og gras og blomar frå humla. Ølet er på ingen måte ekstremt, om ein då ikkje tar med at det er ekstremt anvendeleg.

Kinn, Solsnu
Vinmonopolet
Flaske 0,75 l
NOK 109,90
Varenummer. 1857501

Klikk på bildet for å forstørre. Solsnu Etikett


* Eg la sjølvsagt ikkje ut denne anbefalinga før eg hadde sikra meg nok av ølet til at eg har fram til neste juleølslepp.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.