*Nettavisen* Livsstil.

Sammy Myklebust

Ølanbefalingar til Tone Damli

The craft is out there:

Foto: Håkon Mosvold Larsen (NTB Scanpix)

Gammal gubbe gjev ølanbefalingar til ung dynamisk influencar.

Hei, Tone.

Avisene har i sommar fortald meg at du er glad i øl. Det er bra, for øl i passe mengder er både godt og sunt. Samstundes ser eg på Instagram at du kun drikk øl frå ein importør. Det tykkjer eg høyres kjedeleg ut. Blir ikkje det litt som å gå i klede frå berre ein butikk? Eg meinar: Slikt blir ein jo ganske raskt lei av, til og med om ein får alle kleda gratis.

Eg tillet meg derfor å komme med nokre ølanbefalingar på øl som bør passa utover hausten og som i tillegg tek seg bra ut på bilete. Samstundes må eg advare om at ukritisk utlegging av bilete med smilande damer med øl i handa fort kan føre til eit øl-image som minnar om ein amerikansk reklame frå 80-tallet.

Du framstår som ei kjernesunn sognajenta og då er det naturleg å plukka øl fra dei mange gode bryggeria i Sogn og Fjordane. Med dette ølet i kroppen og på Instagram vil du utvilsamt framheva dette imaget, utan at du blir mindre urban. For dette er øl som er høgt akta og elska over heile landet.

Frå Leikanger: Balder Eplepils

Ein lett og fin pils som er tilsett epler. Dette gjer at ølet vert lett syrleg og får ein fin eplesmak. Burde passe ekstra godt for dei som meiner det blir litt lite eple i Carlsberg.
Passar best når du vil ha ei frisk øl en fredagskveld.

Klikk på bildet for å forstørre.  

0,33 liter, ABV 5,5%, Vinmonopolet

Frå Florø: Rosa Kinn

Lite er so friskt som rosekinn. Denne varianten skulle ein tru var oppfunnen av ei sognebudeie, for den er syrna med mjølkesyrebakteriar og tilsett friske bringebær frå Fresvik i Sogn. Resultatet er eit fruktig syrleg øl med akkurat høveleg smak av bringebær. Rosa Kinn går godt som aperitif eller til fruktdessertar.

Klikk på bildet for å forstørre.  

0,33 liter, ABV 4,5%, i daglegvarebutikkar med godt utval.

Frå Øvre Årdal: Tya - Huldra

Sjølvsagt måtte det bli Huldra når eg skulle plukke eit Tya-øl. Denne huldra er av den blonde sorten. Det vi kaller ein Blond Ale. Dette er vetlesyster til Pale Ale og den meir kjende storebroren IPA. Det som kjenneteiknar blonde ales er at dei er lette å like og at ein gjerne vil møte dei fleire gonger.
Etikettane til Tya er teikna av Mark Wilkinson, som er mest kjend for å ha laga platecover for mellom anna Marillion. Eit band som var store på 80-talet, mellom anna med songane som "KayLeigh" og "Incommunicado". Desse etikattane gjer øla til Tya spesielt godt eigna for Instagram.

Klikk på bildet for å forstørre.  

0,50 liter, ABV 4,7%, i daglegvarebutikkar med godt utval.

Frå Sørbøvåg: Skifjorden Bryggeri - Heimatte

Kveik er det hottaste frå Noreg for tida. Det vert brygga med kveik i Amerika, i England, i Danmark og i land vi ikkje tenkjer på å reise til. Skifjorden er eit av bryggeria som er kjende for å være gode til å brygge med kveik. Eg har difor vald deira Heimatte. Her kan du kombinera heimlengt med noko av det hippaste som finnes innan øl for tida.
Skifjorden har og fagerike etikettar som bør passe godt på Instagram.

Klikk på bildet for å forstørre.  

Frå Flåm: Ægir Aud

Frå Ægir er det heilt naturleg å anbefale Aud. Dette er ei kjærleikshandling frå bryggaren til kona hans. Ei kjærleikshandling med ein liten spøk innbakt. Spøken finn du bak på boksen.
Aud er ein IPA, som verken er for lett eller for bitter, men nett passe. Aud er også kona til bryggaren. Aud er også sjefen til bryggaren, for det vert gjerne slik når ein fell for damer som er både vakre og smarte.

Klikk på bildet for å forstørre.  

0,33 liter, ABV 6,0%, Vinmonopolet

Frå Balestrand: Balholm Cider

Dette er ekte handverk frå Sogn og ikkje kunstig laga sutlevatn. Noko som gjer både meir smak og meir status. På same vis som med sutlevatn-variantane kan ein her få sider med både eplesmak, pæresmak og bærsmak. Sidan vi allereie har vore innom epler og drikke med rosa farge går eg her for den med pære. Den er og tilsett litt humle og passar difor ekstra godt til oss som likar øl.

Klikk på bildet for å forstørre.  

0,33 liter, ABV 5,0%, på vinmonopolet eller 4,7% variant i daglegvarebutikkar med godt utval.

Eg vonar du finn noko som fell i smak her og at hausten vert mangfoldig og smakfull.

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.