(Avisa Nordhordland)

– No skal vi avslutte dagen akkurat slik vi starta den: med song!", roper Arnt Brakstad, som denne dagen er lærar for dei engasjerte ungane i 4A frå Sagstad skule.

Elevane syng med, i kanon.

«Lesa og skriva og rekna litt er jo så bra, men å synga litt det gjer oss så glad».

Har restaurert skulen

Som representant og leiar for Meland Sogelag, meiner Arnt Brakstad at formidling av lokalhistorie er viktig. I samarbeid med Nordre Austebygd Velforeining har organisasjonane dei to siste vekene vist 12 klassar korleis skulesystemet såg ut for nærmare 70 år sidan.

Dei seks siste åra har frivillige frå dei to organisasjonane vore med på å gjere den gamle skulen i presentabel tilstand.

– Velforeininga kjøpte bygget av kommunen for 5000 kroner, då dei lurte på om dei skulle rive det, seier Brakstad.

Det ville korkje sogelaget eller velforeininga ha noko av, og sette heller i gong med å fikse taksteinen, reparere dører og lister i alle rom, bygge eit baderom og eit uthus.

– Skulen har stått her sidan 1913, og det begynner jo å bli ei stund sidan, så det er klart at vi visste at å gjere dette om til eit skulemuseum ville medføre mykje jobb. Heilt autentisk blir det nok aldri, men vi har gjort så godt vi kan etter den ramma vi fekk, legg han til.

Fokusert på song og musikk

8- og 9-åringane hadde minuttar før songen starta komme inn frå skulegarden ved Gaustad skulemuseum, og stilt seg lydig bak pultane for å helse på læraren.

– Då eg gjekk på skulen hadde alle klasserom trøorgel, slik at vi fekk akkompagnement til songane våre, seier Brakstad til elevane, som på førehand har hatt korøving slik at dei var førebudd til denne dagen.

Arvid Sakseide var denne dagen med dei som pianist, medan Brakstad, som er opptatt av at elevane skal få oppleve korleis det faktisk var før i tida, til detaljnivå, fortel historier om lærarane hans som ikkje kunne spele piano eller trøorgel, men som likevel måtte.

– Vi vil skape ei autentisk oppleving

På timeplanen for dagen stod det at elevane skulle gjennom både bibelsoge, skriving med penn og blekk og natur- og landkunne. Elevane sat heile tida på tuppen av stolen, oppslukt av det som skjedde framfor dei, og samstundes fulle av undring over skulehistoria.

Brakstad forklarar dei ivrige barna at dette gjerne var ein typisk dag på skulen, som varte frå halv ni til halv fire.

– Kva er landkunne?, spør ein av elevane.

– Geografi, svarar Brakstad.

– Kor lenge hadde de friminutt i gamle dagar?, spør ein annan.

– Sannsynlegvis lengre enn de har. Vi fekk ti minutt mellom kvar time, i tillegg til ein halvtime i matfri, svarer Brakstad igjen.

Vart de piska om de ikkje gjorde som de skulle?, spør tredjemann.

– Nei, så ille var det ikkje, oppklarar læraren.

Brakstad forklarar at årsaka bak oppstarten av prosjektet handlar om at både sogelaget og velforeininga ønska å gje barn og ungdom innsikt og forståing i korleis Noreg såg ut for ikkje lenge sidan.

– Vi viser dei på ein måte utviklinga frå kladdebøker til iPads, men akkurat i dette tilfellet ser det ut som om barna ville valt det første, seier Brakstad etter ein ny, vellykka dag på Gaustad skule.

Tidlegare har dei også hatt besøk av fjerdeklassingar frå Rossland, Vestbygd og Grasdal skule, som han seier gjekk like fint som denne gongen.

Fekk skrive med blekk

– Noko av det vanskelegaste, men likevel gøyaste å prøve var å få skrive med penn og blekk, seier Gard, som er elev ved Sagstad skule.

Barna vart tildelt eit ark av Brakstad som dei skulle fylle med bordar og ulike namn.

– Det var slik vi måtte gjere det før, seier læraren, som legg vekt på at elevane skal bruke skjønnskrift.

Malene seier seg einig med påstanden til Gard, og legg til at matematikken for fjerdeklassingar var meir utfordrande før enn no.

Sjølv om det å skrive med blekk vart ei stor utfordring for dei venstrehendte, var klassen fint einige om at det ville ha vore interessant å fortsette med tilbake på Sagstad skule.

– Her var det så mange som var flinke til å at det er fleire som kunne ha fått premiemerke, som lærarane delte ut før, seier Brakstad.

Til slutt fekk alle barna skrive namnet sitt i gjesteboka før dei sprang ut i skulegarden for å spele kanonball ein gong til før dei vart frakta tilbake til Sagstad skule med buss.

Dei var alle fint einige om at å bruke dagen på skulemuseet vart eit vellykka prosjekt, og at dei hadde fått mykje ut av timane.

– Kva ville de ha valt: gammaldags skule, eller notidas skule?

– Gammaldags skule, svarar eit bastant og samrøysta kor som hadde samla seg på trappa utanfor skulen.

Bildeserie

Fekk oppleve skulen på 50-talet