NA24.no

Denne kunne kosta han 22.000 kroner

OPPDAGA SVINDELEN: Gitle Sande måtte gå djupt i materien før han oppdaga at fakturaen var rein svindel.
OPPDAGA SVINDELEN: Gitle Sande måtte gå djupt i materien før han oppdaga at fakturaen var rein svindel. Foto: Ole Johannes Øvretveit (Firda.no)
Svindelfakturaen Gitle Sande fekk, har gått ut til heile landet.

– Hadde vi ikkje vore så påpasselege, kunne vi veldig lett ha kasta 22.000 kroner ut vindauget, seier dagleg leiar Gitle Sande ved Nistad transport, til Firda.

Han vart obs på rekninga då eigaren av firmaet, Arne Nistad, kom inn til han med den.

– Er det du som har bestilt ti førstehjelpskoffertar til 22.000 kroner? spurte han.

Nei, det kunne jo ikkje Gitle Sande hugse å ha gjort.

Såg ut til å haste

Og fakturaen såg ut til å haste. «Fakturaen er overlatt til Monexland OU. Vennligst betal fakturaen innen ti (10) dager», står det på den. Ordlyden gjev inntrykk av at rekninga alt er send over til eit inkassoselskap. Sande sjekka opp leverandøren, Noraid Førstehjelp, og heimesida deira ser heilt seriøs ut. Og det er eit seriøst firma – som er blitt misbrukt av svindlarar.

På fakturaen har svindlarane stole både firmaet sin logo, heimeside og epostadresse. Berre kontonummeret og telefonnummeret høyrer til svindlaren.

Laga spesial-heimeside

– Dette har påført oss veldig mykje ekstraarbeid. Vi oppdaga svindelen klokka halv ni i går tidleg, seier dagleg leiar Lars Magnus Mikkelsen i Mediq Noirge AS, som eig varemerket Noraid Førstehjelp.

– Dei har stole eit registrert varemerke, dei har misbrukt firmanamnet vårt, dei har til og med laga ei eiga heimeside der dei brukar våre opplysningar, alt for å lure kundane til å tru at dette er haldbart, og at dette er ei rekning dei skal betale.

Noraid har opplevd det same ein gong tidlegare, for eitt år sidan.

Frå heile landet

– Vi har gjort tre ting: Vi har meldt dei til politiet, vi har kontakta banken i Sverige, slik at betalingskanalen skal kunne sperrast, og vi har sett to av våre tilsette til å svare på førespurnader frå firma som har fått fakturaen. Berre i går og i dag har vi fått åtti førespurnader, det kan hende dei har sendt ut tusen fakturaer. Vi ser i alle fall at det kjem frå heile landet, frå alle typar bransjar. Vi har fått telefonar frå alt frå Coop sentralt, til ein snikkar i Brønnøysund, seier Mikkelsen.

Svenske kriminelle

Han veit ikkje om bakmennene bak svindelen vil bli tekne:

-Det vi har funne ut så langt, er at internettsidene er registrerte i Estland av stråselskap registrert i Sverige, og det var der løypa stansa sist og. Ein har grunn til å tru at svenske kriminelle miljø står bak svindelen, seier Mikkelsen.

Får stadig svindelfakturaer

Marit Milde i Personalservice i Førde har opplevd svindlarar som ikkje ville gi seg utan vidare.

– Dei ringde og ringde, og til slutt vart eg irritert og sa at eg kom aldri til å betale kravet deira, seier Milde.

Ho er dagleg leiar i bemannings- og personalfirmaet Personalservice. To gonger siste året har ho fått fakturaer på tenester ho ikkje har bestilt.

– Den siste var på 3900 kroner. Då sende eg dei standardformularet som rekneskapsføraren min har råda meg til, om at eg motseier deira krav, og etter det høyrde eg ikkje meir.

Viste til «avtale»

Men dei førre avsendarane ville ikkje gi seg så lett:

– Det var eit inkassovarsel på ein faktura på 4900 kroner. men eg kunne ikkje hugse å ha sett den førre fakturaen, så eg ringde dei opp. Det var eit katalogfirma som påstod at vi hadde ein avtale med dei, og det var eg sikker på at vi ikkje hadde, så eg betalte ikkje.

Men svindlarane gav seg ikkje.

– Dei ringde og ringde, og eg kunne lett blitt usikker, for det kryr jo av slike firma, og det er ikkje godt å vite kven du har snakka med, og kva du har sagt, men eg bad dei berre vise meg den skriftlege avtalen, og til slutt høyrde eg ikkje meir frå dei, seier Milde.

Les fler saker i Firda her.

Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

Våre bloggere