NA24.no

Dette er de 25 best betalte yrkene i Norge


TJENER GODT: Finans-, handels- og skipsmeglere er høyt på listen over best betalte yrker.
TJENER GODT: Finans-, handels- og skipsmeglere er høyt på listen over best betalte yrker. Foto: Daniel Roland (AFP)
Sist oppdatert:
Ledere innenfor olje- og gassutvinning tjener i snitt 104.360 kroner i måneden. Se hele lista med de 25 best betalte yrkene!

FriFagbevegelse.no har sett på kva yrke som ligg heilt øverst på lista over gjennomsnittsløna i Norge i fjor. Der finn vi leiarar innanfor olje- og gassutvinning.

Månadsløna deira er over dobbelt så stor som snittet for alle yrka. Den er heile fire gongar så stor som snittet i yrket som har dårlegast løn.

– Her har NHO og deira medlemsbedrifter ei utfordring. Det blir vanskeleg å motivere folk med tanke på kostnadseffektivisering om spranget mellom leiinga og vanlege arbeidstakarar heile tida aukar, seier leiar Per Martin Labråthen i Industri Energi Equinor til FriFagbevegelse.no.

– Dette dreier seg også om sjølvinnsikt om kva lønsnivå ein løyver seg sjølv. Leiarane må sjølv sjå signaleffektane lønsaukane gir. Dei siste åtte-ti åra har arbeidstakarane vist moderasjon kvart einaste oppgjer, legg han til.

Les også: Her er gjennomsnitts-lønnen i 300 yrker

– Den største utfordringa er bonusar

Labråthen seier leiarlønsnivået i bransjen ikkje er høgt om ein samanliknar med andre land.

Les også: Disse yrkene gikk mest opp i lønn

– Men i norske forhold er avstanden mellom toppen og den vanlege arbeidstakaren høg, seier han.

– Den største utfordringa er bonusar. I dei bedriftene eg kjenner, har dei eit normalisert lønssystem, men bonusar som gjer den endelege løna mykje høgare.

Les også: Nå har dette yrket blitt veldig populært igjen

Lønsoversikta viser at leiarane i snitt har hatt ein lønsauke på under ein prosent i 2017. Men det kan vere store variasjonar frå leiar til leiar.

– Når toppleiinga løyver seg sjølv løn, forventar vi at dei ikkje får ein større prosentvis auke enn øvrige arbeidstakarar. I mange tilfelle er det ikkje sånn. Det er ikkje sunt og signaleffekten er ikkje bra.

– Selskapa bestemmer sjølv

– Selskapa bestemmer sjølv kva leiarløningar dei skal ha. Generelt er vi opptatt av å ha eit nivå som er konkurransedyktig og sikrar lønsemd i heile industrien, seier Erlen Jordal, fagsjef for samfunnskontakt i Norsk olje og gass.

Dette er dei 25 best betalte yrka, etter månadsløn i 2017:

1. Leiarar av olje- og gassutvinning mv.: 104.360 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 0,64

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: -0,51

2. Handels- og skipsmeglarar: 96.450 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 11,89

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: -0,36

3. Finansmeglarar: 93.200 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: -2,10

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,19

4. Toppleiarar i offentleg administrasjon: 92.410 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,55

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 3,60

5. Leiarar av forsikring og finansverksemd: 88.300 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,03

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,12

6. Flygarar: 85.390 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,65

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,88

7. Geologar og geofysikarar: 80.930 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: -0,21

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: -3,54

8. Legespesialistar: 80.820 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 5,79

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,23

9. Flygeleiarar: 80.420 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 5,26

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 8,24

10. Finans- og økonomisjefar: 80.080 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,46

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,51

11. Dommarar: 77.690 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,76

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 6,86

12. Forsknings- og utviklingsleiarar: 77.180 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,02

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,77

13. Sivilingeniørar (geofag, petroleumsteknologi, metallurgi mv.): 76.910 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,60

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,41

14. Administrerande direktørar: 75.680 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,41

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,39

15. Personalsjefar: 75.390 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,43

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,27

16. Leiarar av IKT-einskapar: 73.180 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,07

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,60

17. Sals- og marknadssjefer: 71.360 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 3,12

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,94

18. Sivilingeniørar (elkraftteknikk): 68.260 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,80

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,37

19. Leiarar av industriproduksjon mv.: 67.580 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,86

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 3,33

20. Ingeniørar innanfor petroleum, bergverk og metallurgi: 67.170 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,62

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 2,71

21. Allmennpraktiserande legar: 66.940 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 4,43

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,92

22. Andre sivilingeniørar (unntatt elektroteknologi): 65620 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 1,74

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 3,67

23. Juristar og advokatar: 65.290 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,66

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,80

24. Politikarar: 65.160 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 0,87

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 5,61

25. Andre leiarar av produksjon og tenesteyting: 65.010 kroner

• Prosentvis endring i snittløn frå 2016: 2,38

• Prosentvis endring i snittløn frå 2015: 4,35

Månedsløna omfattar avtalt løn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjeringar er ikkje rekna med. Det kan vere store lønsforskjellar i dei ulike yrka. For dei som jobbar deltid, har SSB rekna om løna til kva den hadde vore for ein som jobbar heiltid. (ANB)

Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

Våre bloggere