NA24.no

Fikk drømmejobben på Facebook

SILICON VALLEY: Alice Beate Holm (19) er intern hos Bipper og jobbar med appen bSafe.
SILICON VALLEY: Alice Beate Holm (19) er intern hos Bipper og jobbar med appen bSafe. Foto: PRIVAT
Sist oppdatert:
Alice Beate Holm (19) ble tilbudt jobb i USAs teknologihovedstad Silicon Valley.

Nitten år gamle Alice Beate Holm fekk ein uventa Facebook-melding for knappe tre månader sidan. Førre veke sette ho seg på eit fly for å byrje å jobbe med Bipper-gründer Silje Vallestad, skriv Firdaposten.

- For godt til å vere sant

Alice Beate hadde eigentleg søkt på Universitetet i Bergen og var klar for studenttilværet. Samstundes hadde ho framleis vervet som fylkets leiar av ungdomspolitisk utval (UPU). Men tankane byrja å svirre når det rundt påsketider plutseleg tikka inn ein melding i innboksen på Facebook med jobbtilbod i California.

- Eg tenkte først at det var for godt til å vere sant, og eg var veldig usikker på kva eg skulle gjere med vervet som leiar i UPU dersom eg skulle reise. Det var veldig mykje å tenke på, seier ho.

Men etter litt innleiande nøling kom tankane som avgjorde.

- Eg tenkte «Hallo? Det er ingenting å lure på. Sjølvsagt skal eg reise!» Heile familien var veldig gira og har støtta meg. Eg såg at dette er ein unik sjanse, og i ettertid er eg svært glad for at eg greip sjansen når den var der, seier ho.

Jobbtilbod på Facebook

Det var ein artikkel som far til Alice Beate posta på Facebook som gjorde utslaget. Silje Vallestad, grûnder av Bipper, har vakse opp i Flora og er barndomsven med faren og vart imponert av det ho såg. Artikkelen som var delt handla om at Alice Beate hadde blitt leiar i ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane. Ho søkte vidare på nettet og fant heimesida til ungjenta frå Svelgen. Ved sida av sine politiske interesser og verv, er Alice Beate sjølvstendig næringsdrivande med ei eiga bedrift innan foto og grafisk design. Ein noko uvanleg kombinasjon, som også sikra ho jobbtilbodet. Vallestad såg det særskilde med samfunnsengasjement og politisk talent, samstundes som ho hadde teft for grafisk design og foto.

Fredag den 20 juni var ho ferdig på skulen. Dagen etter sette ho seg på flyet i retning California, og på måndag var ho på plass på kontoret i Silicon Valley like ved San Francisco.

- Alt skjedde så fort, så eg fekk ikkje heilt tid til å tenke, seier ho.

- Men det er jo ein unik sjanse til å auke kompetanse min, bygge meg nettverk og skaffe meg internasjonal erfaring i det mest relevante fagmiljøet i verda, seier Alice Beate.

LEIINGA: Her er Alice Beate saman med grunnleggar og gründer Silje Vallestad, og administrerande direktør Niklas Johnsson.


Sommarkurs på Stanford

Men sjølv om studietida i Universitetet i Bergen måtte utsettast vert ikkje tida i USA heilt fritt for skulegang. I sommar skal ho ta eit sommarkurs på Stanford University om bloggreiskapet Wordpress med timar kvar onsdag.

- Campus er enormt, og mi største bekymring var å finne fram, men det gjekk heilt fint. Eg har allereie lært mykje etter den første timen, seier ho.

Les flere saker i Firdaposten.

Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere