Han vil straffeforfølge Tone Damli

Under ein debatt laurdag sa Atle Hamar at Tone Damli kunne risikert å bli fengsla for måten ho reklamerer for Betsson på, om ho budde i Nevada.

Under ein debatt laurdag sa Atle Hamar at Tone Damli kunne risikert å bli fengsla for måten ho reklamerer for Betsson på, om ho budde i Nevada. Foto: Svein Heggheim/Jon Olav Nesvold (NTB scanpix)

– Tone Damli marknadsfører ein aktør som driv rått og kynisk spel retta mot barn og unge, seier Atle Hamar.

31.10.15 19:34

(Firda): Laurdag møttest VG-redaktør Torry Pedersen og Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftingstilsynet, til debatt på Pikant i Førde. Der debatterte dei nye måtar å reklamere på.

Då kom det fram at Lotteri- og stiftingstilsynet vil skjerpe arbeidet for å hindre reklame frå ulovlege tippeselskap i Norge. Eit av døma Hamar tok tak i var artisten Tone Damli som reklamerer for verksemda Bettson på fleire vis, mellom anna gjennom eigen blogg. Andre som gjer mykje av det same er Sandra Lyng Haugen og Morten Langli. Betsson har ikkje lov til å drive eller reklamere i Norge, men går omvegen om kjende personar. Det vil Atle Hamar no ha slutt på.

Han etterlyser fleire verkemiddel for å straffeforfølge personar som formidlar ulovlege reklame for selskap som ikkje har rett til å drive i Norge. Mellom anna viser han til korleis den amerikanske delstaten Nevada har innført strenge reglar, der ein i første omgang blir møtt med åtvaringar og bøter. I andre rekke kan det komme kraftige reaksjonar.

– I Nevada kunne Tone Damli risikert å bli fengsla for slike handlingar, sa han spøkefullt i debatten.

(Saken fortsetter under.)


Brukte Betsson til å fortelje om fødsel

Hamar meiner også at aviser som skriv om slike tenester, utan å nemne at dei er ulovlege i Norge, er med på å legitimere verksemda (slik også Firda gjorde i denne saka). Han viste til at ei undersøking viste at 42 prosent trur at Betsson, Unibet og andre slike selskap har lov til å drive her i landet. 20 prosent av dei spurde var usikre. Det betyr at over halvparten trur drifta er lovleg eller er usikre på regelverket.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

Eldgrim Fossheim, Torry Pedersen og Atle Hamar under debatten på Pikant. Foto: Frode Grimelid

– Tone Damli marknadsfører ein aktør som driv rått og kynisk spel retta mot barn og unge, og det på ein mykje meir uansvarleg måte enn det vi gjer i Norge, seier Hamar.

Når Damli skriv om Betsson i blogginnlegg, og brukar selskapet til å fortelje nyhendet om barnefødselen, er ho heilt klart med på å marknadsføre selskapet, meiner Hamar.

– Vi er innanfor

Tone Damli sin manager, David Eriksen, er lei av at Damli blir stilt moralsk ansvarleg for å knyte namnet sin til ein aktivitet som Norsk Tipping også driv sjølv.

– Å ta den debatten blir for dumt. Norsk Tipping gjer det same, men har monopol. Det blir ein eviglang diskusjon.

– Skilnaden er vel at det eine er lov innanfor regelverket og det andre ikkje?

– Det kan du seie, men det er ikkje ulovleg å spele frå Norge. Dette er ikkje noko nytt for oss, vi har brukt tid på å sjekke dette med advoktar og vi meiner vi gjer ein god jobb med å halde oss innanfor. Om ikkje må vi få nye og tydelegare reglar, seier han.

Spelar vekk 1,2 milliardar i utlandet

Ifølge Hamar legg norske spelarar igjen 1,2 milliardar på utanlandske speleselskap. Han er ikkje samd i at utanlandske speleselskap viser omsyn på same måte som Norsk Tipping. Han meiner det norske regelverket med spelegrenser hindrar spelarar i å spele vekk hundrevis av tusenlappar på berre eit døgn.

– Vi får telefonar på hjelpelinja der folk fortel at dette skjer, seier han.

No har han sett folk på kontoret i arbeid for å finne måtar personar som marknadsfører ulovleg, kan straffeforfølgast i Norge. Når dette er på plass, vil han føreslå løysingane for Kulturdepartementet.

Les flere nyheter på nettsidene til Firda her!

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.