NA24.no

Jørn-Ole hadde alt på stell med hus og jobb, så kuttet bedriften 60 årsverk


Systad veit ikkje om han og familien kan bli buande i Leirvik. – Det er veldig synd om vi må flytte, men jobbsituasjonen er ikkje optimal no, seier han. (Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal)
Systad veit ikkje om han og familien kan bli buande i Leirvik. – Det er veldig synd om vi må flytte, men jobbsituasjonen er ikkje optimal no, seier han. (Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal) Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal/Vest 24.
Skipsbyggingskonsernet Havyard kutter 60 årsverk i Leirvik i Sogn. No vurderer Jørn-Ole Systad og familien den vidare framtida.

(Vest24): – Endeleg var alt på stell med hus og jobb, så vart det berre drit, seier Jørn-Ole Systad (27) til Firda.

Saman med kone og to born flytta dei frå Førde til Leirvik, fordi han hadde fått seg lærlingstilling som industrirøyrleggjar på skipsverftet. Men etter berre eitt år i jobben, fekk Jørn-Ole sparken rett før sommaren.

– Eg var sistemann som kom inn, og den fyrste som gjekk ut att, seier han.

Var førebudd

Men sjølv om det var ein tøff beskjed å få, var Jørn-Ole førebudd på at det kunne skje.

– Det ante meg. Det var mykje snakk om det blant kollegaane, og så seier det seg sjølv at når det er nedgang i oljebransjen så ville det til slutt ramme oss òg.

Systad fortel om ein ryddig oppseiingsprosess, og har berre positive ting å seie om sin gamle arbeidsgjevar.

– Eg hadde ei fin tid på Havyard med gode arbeidsvilkår og kjekke kollegaer. Men eg forstår at det måtte bli slik, seier han.

Les flere saker fra Vest24.no.

Vanskeleg marknad

Marknads- og kommunikasjonsdirektør i Havyard Group, Gunnar Larsen forklarar at oppseiingane var naudsynte.

– Vi har gått frå tidenes boom, til ein vanskeleg marknad innan offshore, seier han.

Og han ser heller ingen endring i situasjonen. For å bli meir konkurransedyktige såg dei seg nøydde til å sette i verk tiltak.

– Det ligg an til ein vedvarande lågare etterspurnad, noko som gjer at vi er nøydde til å riggje verftet for dagens marknad.

Heilt sidan nedbemanninga vart kjent i august, har Havyard vore i samtalar med arbeidarane.

– Vi har sidan august jobba med å definere den nye organisasjonen og gjennomført samtalar med dei som vert trefte av nedbemanninga og omorganiseringane i tett samarbeid med fagorganisasjonane. På grunn av oppseiingstid vil ikkje endringane ha full effekt før ved utgangen av året.

– Forstår du at dette er ein tøff beskjed å få?

– Vi har full forståing for at dette er veldig tøft for den det gjeld. Men vi opplever at dei tilsette forstår at desse omstillingane er naudsynte. Organisasjonen har vist god omstillingsevne, noko vi vil rose dei for.

Raskt i ny jobb

Berre flaks gjorde til at Jørn-Ole fekk seg ny jobb.

– Fem dagar etter min siste dag på Havyard, byrja eg å jobbe i den nystarta kantina på ferja mellom Rysjedalsvika-Rutledal–Krakhella. Der jobba eg fast i 1 1/2 månad. Etter det har eg jobba som taxisjåfør i Førde og Sogndal.

Taxijobben fører til at han jobbar annakvar veke vekke.

– Med to små ungar er ikkje det optimalt, seier Jørn-Ole.

Men jobb må han ha.

– Det vart ein overgangsprosess økonomisk etter at eg slutta i Havyard. Eg har lån som må betalast, og i tillegg har vi utgifter på oppussing av hus og barnehage, seier han.

– Slitsamt

Jørn-Ole likar seg godt i Leirvik, men får han seg ikkje ein jobb i området, kjem han og familien til å flytte.

– Kona mi har jobb på Hotel Sognefjord, men på grunn av ulik turnus har vi berre ei helg i månaden der heile familien er samla. Det er slitsamt i lengda.

Han fortel at flytting til Førde har vore tema i det siste.

– Kona mi kjem derifrå og vi har budd der tidlegare. I Førde er det også ein større arbeidsmarknad, seier han.

– Har du vore i kontakt med andre arbeidsgjevarar i kommunen?

– Ja, eg har ringt rundt og forhøyrt meg, og det er eg ikkje åleine om. Men dei andre bedriftene i kommunen kan ikkje ta i mot alle som sluttar på Havyard, seier Systad.

Har trua på framtida

Trass i nedgangen, meiner marknads- og kommunikasjonsdirektør Gunnar Larsen at omstillingane vil gjere Havyard meir konkurransedyktige på marknaden.

– Vi skjønar at desse oppseiingane ikkje er bra for ein liten kommune som Hyllestad, men desse omstillingane vil styrke sjansane for arbeidsplassar på verftet på lengre sikt. Vi må vere konkurransedyktige, og det er betre å halde på 180 arbeidsplassar enn ingen.

Larsen har vidare tru på at det skal gå bra med Havyard.

– Sjølv om vi opplever ei tøff tid no, så har vi trua på framtida. Marknaden svingjer, men med denne omstillinga vil vi vere førebudd på det som måtte kome, seier han.

Nærbutikksjef: – Dette er noko som påverkar alle

– Når ein driv butikk i Hyllestad må ein ha Havyard i tankane når det gjeld investeringar. Ein må kunne snu seg litt kjapt når det kjem endringar, både positive og negative, seier eigar av daglegvarebutikken i Leirvik, Roar Einen.

Einen trur det er dei unge som først og fremst vil merke nedbemanninga mest.

– Folk som har vore her lenge veit at det går litt opp og ned i den bransjen. Men eg vil tru at dei som lurer på å flytte heim, vert skeptiske når dei les slike nyheiter.

Han trur likevel at Havyard klarar å kome seg igjennom dette.

– Eit selskap vil alltid oppleve bølgjedalar. Eg både håpar og trur at dette vil ta seg opp att. Viss ikkje er det berre å låse døra og gå heim, seier han lattermild.

– Spent stemning i bygda

Frisør Erna Braastad er uroa for kva nedbemanninga vil ha å seie for bygda.

– Ei slik omstilling verkar inn på eit lite samfunn som Hyllestad. Det vert store ringverknadar for alle, seier ho.

Det er ikkje første gong at verftet i Leirvik opplever permitteringar og oppseiingar, men etter mange gode år, er bygdefolket likevel spent på kva som vil skje.

– Havyard er den største arbeidsplassen vi har, noko som gjer oss veldig sårbare.

Braastad er spesielt uroa for at kommunen kan miste flinke folk.

– Godt etablerte vil truleg bli her, men viss ikkje dei unge finn seg ny jobb, er det vel sjanse for at dei vel å flytte.

– Men eg håpar at det vil ordne seg. Havyard har vore flinke med omstillingar tidlegare, legg ho til.

Les flere saker fra Vest24.no.

Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

sterke meninger

Nettavisen vil gjerne vite hva du mener om denne saken, og ønsker en frisk debatt i våre kommentarfelt. Vær saklig og respektfull. Les mer om Nettavisens debattregler her.

Gunnar Stavrum
sjefredaktør

comments powered by Disqus

Våre bloggere