*Nettavisen* Økonomi.

Ola er rikast i Sogn og Fjordane

OPPDRETTER: Ola Braanaas har skapt formua si gjennom fiskeoppdrett i Sognefjorden, og er eigar av selskapet Firda Eiendom, som igjen eig både Firda Seafood og Firda Settefisk. Foto: (Firda)

Fiskeoppdretter troner på formuestoppen i Sogn og Fjordane.

16.10.15 09:29

Fiskeoppdrettaren Ola Braanaas tronar ei einsam majesetet på toppen av formuelista for Sogn og Fjordane.

Les saka i Firda.no

Det syner tala i frå skattelistene som vart gjor tilgjengelege i natt.

Fiskeoppdrett

Ola Braanaas frå Gulen hadde i fjor ei formue på 582.197.751 kroner, om lag 180 millionar over nummer to på lista. Dermed er Braanaas oppe på toppen av lista i Sogn og Fjordane, etter å ha vore bak jølstringen Ivar Helgheim dei føregåande åra.

Braanaas si formue har uka med om lag 140 millionar det siste året, medan Helgheim si formue har gått frå i overkant av 670 millonar i 2013, til 71 millionar i 2014.

Braanaas har skapt formua si gjennom fiskeoppdrett i Sognefjorden, og er eigar av selskapet Firda Eiendom, som igjen eig både Firda Seafood og Firda Settefisk.

Braanaas er også mannen som eig Skjerjehamn i Gulen, der blant anna Utkant-festivalen vert arrangert.

Slaktarane frå Nordfjord

Etter fiskeoppdrettaren følgjer to nordfjordingar på fomuetopp-lista.

Det er Tom Roksvåg og Malin Roksvåg, som begge er borna til administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt Geir Egil Roksvåg.

Dei to står bokført med ei formue på kring 400 millionar. Tom Roksvåg er også den yngste på topp 20-lista i fylket.

Notbøter tenar mest

Den i Sogn og Fjordane som tener mest pengar, er Magne Grotle, som er innehavar av selskapet Clupea Notbøteri.

Han hadde ei inntekt på 20,5 millionar i 2014.

Bak han følgjer Førde-mannen Jan Ove Hafstad, som står med ei inntekt på 19,1 millionar.

Meir frå Sogn og Fjordane i firda.no

Nettavisen ønsker en åpen og levende debatt.

Her kan du enkelt bidra med din mening.