NA24.no

Ordføreren har gått over 70 dager uten nett

Solund-ordfører Ole Gunnar Krakhellen er lite imponert over nettleveransen til NextGenTel. Noe han ga uttrykk for i en Facebook-post han skrev på jobb - der han har internett på tirsdag. På Krakhella, der han bor, har nettet vært nede i 71 dager.
Solund-ordfører Ole Gunnar Krakhellen er lite imponert over nettleveransen til NextGenTel. Noe han ga uttrykk for i en Facebook-post han skrev på jobb - der han har internett på tirsdag. På Krakhella, der han bor, har nettet vært nede i 71 dager. Foto: Helge Johnsen/Firda
Kjører til busslomme hver kveld for å lese e-post.

(Firda.no): – Eg er glad vi er av dei som er høgt prioritert, for eg vil ikkje unne nokon å vere lågt prioritert, skriv Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen på si Facebook-side.

Sidan 9. desember har han, og resten av husstandane på Krakhella vore utan breiband. Datoen der nettet skal vere i orden igjen har blitt flytta fleire gonger. No skriv breibandsleverandøren på sine nettsider at dei ventar at det fungerer igjen den 6. mars.

– Nextgentel har så og seie monopol på Krakhella, om ikkje hadde dei nok ikkje hatt kundar att her. Vi var utan breiband i tre månadar for tre år sidan, også, seier Krakhellen.

Køyrer etter nett

For Krakhellen har mangelen på nett heime betydd at nokre kveldar på kontoret har blitt lenger enn naudsynt. Når det også har synt seg å vere vanskeleg å få inn mobilt breiband på Krakhella, har han måtte ty til bilen for å oppdatere seg.

– Det er ein busslomme to kilometer heimanfrå. Der får eg inn 4G på telefonen. Så eg brukar å ta ein biltur dit kveldane, for å laste ned den nye utgåva av Firda og sjekke epost. Men det er jo ein tungvint måte å gjere det på, seier Krakhellen.

Burde rykkje fram i køen

Han fortel at han har hatt jamn dialog med NextGenTel, men at han ikkje føler seg trygg på at dei overheld fristen denne gongen heller. Forventa rettetid er no 9. mars, det vil seie nær 90 dagar etter at nettet forsvann.

– Eg forstår at dette ikkje er det mest folkerike området dei har kundar i, men vi burde rykkje fram i køen av og til. Vi har fått beskjed om at feilen her er høgt prioritert, seier Krakhellen.

NextGenTel: – Vêr og vind har skulda

Nextgentel oppgjer vêr og vind, og stor etterspurnad på montørar som grunnen for det lange nettavbrotet på Krakhella.

– Over 70 dagar utan nett. Er dette vanleg behandlingstid for dykk?

– Nei, dette er mykje seinare behandlingstid enn det som er vanleg, men vi har ein særskilt utfordring i Solund, og den kallast vêr, seier Jørn Erik Hodne, CTO i NextGenTel.

Han forklarer at måten dei får signal fram til sendaren på Krakhella på, er telesignal gjennom luft.

Signalet blir sendt via ein spegel i fjellet, som reflekterer signalet ned til sendaren. Dette er eit system som er vart for vêr og vind.

– For 14 dagar sidan var vi og fiksa spegelen. Ni timar seinare, så var den ute av stilling att, seier Hodne.

Han understrekar at dette ikkje er berre unnskyldningar, og at han er klar over at det ikkje er dårleg vêr i 71 dagar i strekk. Sjølv i Solund.

– Ein annan grunn til at ting har teke tid, er at det er vanskeleg å få på plass reparatørar for tida, seier Hodne, og peikar på at dette har eskalert etter stormen Nina.

– Dermed har vi måtte vore harde og prioritert område der flest brukarar har mist nettet, seier han.

Kan ikkje garantere for fristen

På spørsmål frå Firda om dei no kan garantere at dei vil overhalde fristen som er sett til 9. mars, kan Hodne først ikkje gi nokre lovnader. Han skal derimot sjekke opp med si montørgruppe.

Seinare får Firda svar på at antenna som gir signalet er «blåst» defekt. Ny antenne er bestilt frå leverandør, men dei har førebels ikkje fått stadfesta leveransedato.

Hodne fortel at dette normalt er lagerdelar, men at den siste tidas uvêr kan ha gjort at lagera er tomme.

– Når utstyret blir levert, blir det montert så fort som praktisk mogleg, informerer Hodne.

– Vil de kompensere bebuarane når dei betalar for ei vare som dei står utan i over 70 dagar?

– Sjølvsagt. Dei skal ikkje bli belasta for rekningane. Om dei kontaktar oss, så skal vi ordne opp, seier han.

Les flere saker i Firda her.

Lik Nettavisen her og få flere ferske nyheter og friske meninger!


Rapporter om feil i artikkelen

Mest sett siste uken

Lik NA24 her og få flere ferske økonominyheter!

Våre bloggere